Empire Records

Når ei gruppe menneske samlast på film, på eit avgrensa område i ein avgrensa tidsperiode, resulterer det gjerne i ein film som er rik på dialog.

Butikkfilm, som Empire Records er, er eit forsøk på å sette namn på ein slik type film som går føre seg i og rundt ein butikk, gjerne i løpet av ein dag.

I Empire Records skal dei tilsette i ein platebutikk kome seg gjennom ein dag med celebert besøk, personlege problem og overhengande fare for at butikken blir seld.

Det skjer eit par artige saker undervegs, men i det store og heile manglar Empire Records nok humor. Det blir prøvd, men framstår som overflatisk. Nok til å le litt av, men ikkje sånn at eg sit igjen med kjensla av å ha sett noko skikkeleg morosamt.

Det blir sånn med dramaet også. Personlege problem er synlege på overflata, og me ser effekten utover, men dei små hinta til årsakene er ikkje nok til å gjere det truverdig. Det er mangel på motivasjon eller logikk, og eg synst heller ungdommen overreagerer enn noko anna.

Dommen er så: Filmen har langt igjen til den heller anbefalte High Fidelity, som byggjer historia si i liknande rammer, men Empire Records er likevel grei tidtrøyte.

Empire Records 1995 plakat - Filmdagbok