En gång i Phuket

Film · 2011 · · 18. mai 2021
3/5

Peter Magnusson er ein artig kar, og filmane eg har sett han i er artige filmar. Det har ikkje blitt så mange, men eg har vore godt nok med alle, inkludert En gång i Phuket.

Det er ikkje så kompliserte saker som blir fortalt her. Men timingen på det komiske er god, og med artige karakterar så er det alt som skal til for at dette blir fornøyeleg.

Peter Magnusson spelar ein fyr som lev eit trygt og kjedeleg liv. Mens folk rundt han ser ut til å ha det gøy, så likar han stabilitet. Iallfall verkar det som han tenker at det er fornuftig.

Så skjer det litt greier som eg ikkje skal gå inn på, men fyren hamnar iallfall i Thailand. Og handlinga utspelar seg rundt hans møter med personlegdomar som absolutt ikkje er som han sjølv. Det gir rom for mange artige situasjonar, og latteren for min del sit laust her.

Det er mykje humor i stereotypar i En gång i Phuket. Så for å like dette bør du kanskje ha rom for å tole at nokon likskapstrekk dei har med deg blir gjort narr av.

Les fleire meldingar på filmfenix.se og www.notonlyhollywood.com.
En gång i Phuket 2011 plakat - Filmdagbok