En håndfull tid

En håndfull tid vann Amandaprisen for beste norske spelefilm og beste norske, kvinnelege skodespelar, då han kom i 1989. Med Espen Skjønberg, Nicolay Lange-Nielsen og Camilla Strøm-Henriksen i hovudrollene, og eit halvt dusin kjente norske skodespelarar i biroller, var En håndfull tid utan tvil ein stor tittel i samtida.

Ikkje overraskande handlar dette om tid. Espen Skjønberg spelar gamle Martin, som er byrja å bli tullete, og både i draumar og vaken tilstand minnast ungdomskjærasten Anna, og turen dei tok i lag over fjellet til Vestlandet. Stemmene til Anna i hovudet hans, og ei nekting for at ho er død, får han til å rømme frå gamleheim og sjukehus, og reise på eiga hand mot Vestlandet, nok ein gong.

En håndfull tid er eit flott kjærleiksdrama som knyt to historier med eit mellomrom på minst femti år flott og tydeleg saman. Han kvir seg ikkje for å ta opp seriøse tema, som fødsel, alderdom, og ikkje minst død, på utbroderande vis, gjerne grafisk. Nettopp det å vere så rett fram, er litt uvant, og filmen er nok modigare enn fleire nyare norske filmar, sånn sett.

Eg veit ikkje om eg likar filmen på grunn av at han gjer ein uproblematisk bruk av element eg har blitt for van med å ikkje sjå på film, mellom anna fødslar, eller om dette stel for mykje av merksemda. Filmen er ikkje helt topp, dette har med den langsame rytmen å gjere, som ikkje går helt i lag med stemninga deler av filmen prøver å sette meg i. Dette er vel det største minuset, at eg ikkje lev meg godt nok inn i dette til at alvoret set ein støkk i meg.

I 2010 skreiv eg ei masteroppgåve med bildeanalysar av norske kinoplakatar. Plakaten til En håndfull tid var ein av dei, og prega også framsida på oppgåva mi. Eg vil her gjengi kapittelet med analysen. Noko gjentaking av handlinga kan finnast i byrjinga:

En håndfull tid er ein Amanda-prisvinnar frå 1989 med Espen Skjønberg, Nicolay Lange-Nielsen og Camilla Strøm Henriksen i hovudrollene. Den handlar om gamle Martin (Espen Skjønberg) som bur på gamleheim, men ein dag rømmer derifrå i leiting etter Anna, hans store kjærleik frå ungdommen. Undervegs får han sterke minner frå fortida, og i slike tilbakeblikk får me eit møte med Martin som ung (Nicolay Lange-Nielsen), femti år tidlegare. Gamle Martin lid av Alzheimers, og går stadig rundt og pratar med Anna som om ho var der. Det er gjennom slike samtalar tilbakeblikka blir innleia for oss. Samstundes som gamle Martin er på leiting og fer vestover, er unge Martin og følgjesvennen Anna (i fortida) òg på reise vestover i Noreg for å kjøpe hestar. Desse to historiene frå ulike tidsperiodar føregår parallelt i plottet til filmen.

Formale trekk

Plakaten til En håndfull tid består grovt sett av to lag: Eit bakgrunnsbilde og eit lag med tekst over, fordelt utover tre seksjonar. Bakgrunnsbilde er eit fotografi som dekkjer brorparten av plakaten, med unntak av ei ekstra tjukk kvit råme som på botnen. Fotografiet av to nakne menneske som er ute i grunt vatn er svart-kvitt med hint av blå i seg. Vatnet er synleggjort av refleksjonar i overflata, og er roleg bortsett frå nokre små krusingar. Det dekkjer omtrent to tredjedelar av fotografiet, medan den øvre tredjedelen inneheld dei to nakne menneska framfor ein svart bakgrunn.

Mannen på fotografiet står med ryggen til, og det går ikkje an å sjå andletet hans. Han held kvinna i armane sine, slik at ho ikkje rører vatnet med anna enn føtene og eine handa si. På hovudet har mannen surra eit kvitt band rundt panna, og ein ende av dette bandet heng nedover ryggen. Kvinna i famnen på mannen har hår som flagrar og andletet hennar skjer ei grimase: Augo hennar er lukka, munnen er open og ho ler og smiler breitt. Rundt kvinna og mannen står vasspruten opp i lufta.

Øvst på plakaten over den svarte bakgrunnen, står namnet på tre av skodespelarane i filmen. I midten av plakaten er det plassert eit rektangel med kvit kant og ein gjennomsiktig bakgrunn som med ein mørkare tone enn fotografiet. Logoen, EN HÅNDFULL TID, står i versalar i guloransje skrift. Bokstavane har ujamne kantar, eit trekk som går igjen på kantane til rektangelet rundt. Ordet TID har ein lengre kvit bindestrek framfor og bak seg. Like under logoen står tagline til filmen: En film til deg som tror på kjærligheten. Nedst på plakaten ser me tekst og bilde i tre delar. I midten, plassert over nedste del av fotografiet og delvis over den kvite kanten, er eit bilde av eine skodespelaren i filmen, Espen Skjønberg. Han blir sett gjennom eit delvis knust glas til eit vindauge, som er halve vindauge er dekka av ein planke. Bildet er i fargar, hovudsakleg med eit raudleg skjer og skuggar. Me ser ein vindaugsbenk på innsida og slår fast at mannen står på plassert på utsida. På kvar si side av fargebilde står fire skodespelarnamn skrive i guloransje skrift. Grunna refleksjonen i vatnet på fotografiet er den guloransje teksten noko vrien å lese. Den tredje og siste delen er ei enkel kredittblokk, plassert på den tjukkare delen av den kvite råma.

Analyse av formale trekk

Plakaten til En håndfull tid har få fargar, og dei som er brukt trekkjer merksemda mot seg. Gul skrift og raudleg tone over det vesle fotografiet gir inntrykk av varme.

Bakgrunnen er den største samansetninga av eit likarta bilde utan tekst eller fleire bildeelement, og er her eit fotografi av vatn med krusingar. Dette er i svart-kvitt i likskap med personane og har eit hint av blå i seg. Blå er ein kjølig farge, men her er det så lite av den at det ikkje pregar plakaten eller skapar eit direkte kaldt uttrykk. Krusingane på vatnet er små og kan tolkast som problem i filmen. Men i fråveret av dei verkeleg store bølgjene, kan krusingane sjåast på som ei motsetning til bilde store bølgjer og storm ville ha vore for heftig dramatikk. Den svarte delen av bakgrunnen gir eit stabilt preg på plakaten. Ut i frå desse observasjonane kan ein lese dette som eit drama der problem vil oppstå, men der dei ikkje treng gjere dramaet til eit gjennomgåande dystert eit. Gleda til kvinne kan tyde på det same, og eg kjem tilbake til dette.

Dette er ein plakat der innhaldet er midtstilt, altså plassert over ei førestilt linje som ein trekk frå midten av eine kortsida til den andre. Det gjer innhaldet lett å lese, då blikket berre treng flytte seg langs denne linja. Slik blir lesinga styrt gjennom tre viktige element, før blikket eventuelt flyttar seg ut frå midten og les det andre innhaldet. Langs denne linja er dei to nakne menneska det mest oppsiktsvekkjande. At fotografiet er i svart-kvitt opnar for tolking om at det kan dreie seg om eit eldre fotografi, eller eit som er teke i svart-kvitt for å fremje eit kunstnarisk uttrykk. Eit fotografi av denne typen er ikkje minst romantiserande, då det tek mannen og kvinna bort i frå eit kvardagsleg uttrykk.

Vidare nedover linja fangar fort logoen merksemda, då den står midt i plakaten og er det tydelegaste elementet med farge. Av filmtittelen kan ein lese at dette dreiar seg om tid, og av undertittelen om kjærleik òg. Det gledelege uttrykket som kjem fram av smilet til kvinna i fotografiet, forsterka gjennom ei livleg rørsle. Det blir stadfesta av bruken av ordet kjærlighet. Heilt lukka treng ikkje tolkinga bli. Dette er en film til deg som tror på kjærligheten, medan for andre kan fotografiet uttrykkje rein lyst.

Tid står som midtpunkt mellom dei unge menneska i svart-kvitt-fotografiet og det vesle fargefotografiet med den eldre mannen, som me ser nedst. Tid er det som ligg i mellom desse elementa, ung og gammal. Tid kan òg vere skiljet mellom samveret mellom mann og kvinne og ein mann åleine. Den gamle mannen står på utsida og ser inn, eit bildeleg uttrykk som har ei meining i det å stå på utsida i forhold til noko. Den ujamne kanten på logoen viser ein logo som er i ferd med å bli viska ut. Og øydelegginga er fullkomen i det knuste vindauge nedst på plakaten, då tida har gått sin gang. Og det knuste vindauge nedst kan bli sett på som å vere endå lengre fram i tid. Dette forsterkar posisjonen hans som åleine, og me kan knyte alderen hans mot dette. Med tanke på øydelegging kan ein forestille seg at bandet rundt hovudet til mannen er ein bandasje etter ein skade. For ein spør seg sjølv, kvifor skulle ein mann med så kort hår elles ha ei band rundt hovudet? Denne skaden verkar ikkje alvorleg då mannen ser ut til å vere i god form og sterk nok til å halde kvinna. Men ut i frå at bandasjen er med på plakaten i det heile, kan ein tolke det som at ikkje alt var perfekt i fortida heller. Men at det i motsetning til framtida eller notida, representert ved den gamle mannen, ikkje prega så stor del av bilde.

Mangelen på sterke fargar i kombinasjon med filmtittelen og undertittelen, styrer dette inn mot å vere eit drama. Sterke fargar har ofte eit direkte samband med glede, spesielt i komedie. Eit fråver kan lesast som ei motsetning. Her er det ingenting som viser til frykt, ingenting som utstråler komedie, trass i at eit smil frå kvinna. Eit alvorleg uttrykk i andletet til Espen Skjønberg i vindauge er dermed med på å balansere det gledelege uttrykket i kvinna over.

I ein kulturell kontekst

Plakaten til denne filmen kan seiast å vere modig som viser to nakne menneske som det sentrale bildeelementet på plakaten. Men den viser heller få detaljar anna enn eit par nakne bein, armar og ein rygg. 1970- og 1980-talet blir sagt å vere den mest seksuelt liberale perioden i norsk film, ein tanke som gjer at dette uttrykket kanskje ikkje var spesielt oppsiktsvekkande i samtida. I fråveret av eksplisitte detaljar er det lite som tyder på at bruken er meint som ein spekulativ bruk av nakenheit.

Skodespelarane i filmen er kjente, norske skodespelarar, og desse blir tydeleg promotert i kvit skrift på svart bakgrunn i toppen. Gjennom plasseringa av namn og andlet kjem det ikkje fram kven som har hovudrolla i filmen. Då handlinga ikkje er gitt på plakaten, er det ope for kva relasjonar det er mellom dei unge menneska og den eldre mannen. Men i staden for å risikere og bli for vag på innhaldet, er namna på skodespelarane og andletet til Espen Skjønberg nedst til hjelp for å selje dette som ein film. For folk som er usikre på om dette er ein film verdt å undersøkje, kan kjente namn bidra til å vekkje interesse og få ein til å tenkje at dette er ein produksjon med kvalitetar. Eventuelt fråstøyte publikum som har dårleg erfaring med til dømes Espen Skjønberg.

Kva skil seg ut på denne plakaten? Sett opp mot dei andre plakatane eg har valt å analysere, har denne ein tagline som er ganske sentral. Til trass for fråveret i resten av analysemateriale, viser det seg at tagline er brukt på fleire norske kinoplakatar, både før og etter En håndfull tid. Bruken av tagline skjer på fleire måtar, det kan vere ein som blir knytt direkte opp mot filmtittelen og fungere som ein undertittel, eller den kan vere ei generell formidling av informasjon om filmen. Eit døme på eit sånt skilje er slik som tagline er brukt som ein undertittel til En håndfull tid: En film til deg som tror på kjærligheten, til skilnad frå bruken på plakaten til Kamilla og tyven: Du vil le. Du vil gråte. En film for hele familien. Til En håndfull tid har tagline ein viktig funksjon, den forankrar ein heller abstrakt tittel, og gir oss innblikk i at det er snakk om ei kjærleikshistorie.

  • En håndfull tid 1989 plakat - Filmdagbok
  • En håndfull tid 1989 plakat - Filmdagbok