Ender's Game

Sett til ei tid då verda blir trua av invasjon frå romvesen. Med barn som styrer krigssimulatorar som beste håp. Ender's Game føyer seg i rekka av filmar som handlar om dystre tider og barn i krig. Opphavet er ein roman frå 1980-talet.

Eg styrer fullstendig unna politikken bak filmen, og går rett på det positive. For barn og ungdommar må det vere artig å sjå så mykje ansvar bli overlate til dyktige ungdommar. For meg er det kjekt å sjå ein film som vågar å velja ut dei som er best i noko, og styre unna våset om at alle er like flinke.

Eg har også sansen for simulatorbiten her, mens opptreninga og vår stiginga i gradene av vårt helt er av mindre interesse. Denne delen av filmen går på autopilot, og leverer ingenting eg ikkje har sett i liknande filmar siste par årene. Eg heng meg ikkje opp i lanseringstidspunktet til dei ulike filmane og kven som var først her, det er irrelevant.

Det er positivt nok siste del av filmen som er den mest interessant. Litt overraskande også, for det er ofte introduksjonen og oppbygginga som er interessant i denne type film, mens den store hendinga mot slutten av filmen stort sett blir obligatorisk, langdryg og tanketom action.

Uavhengig av ein oppfølgjar eller ikkje så fungerer dette heilt greitt. Eg har få store ord å sei om Ender's Game, og det var tilfeldig at eg såg han. Det er ein gjennomsnittleg film som føyer seg inn i mengda, heller enn å utrette noko større og betre på eiga hand. Ein trygg film, men dermed også litt kjedeleg.

Ender's Game 2013 plakat - Filmdagbok