Endless Love

Film · 2014 · · 4. juli 2015
4/5

Endless Love fortel ei klassisk kjærleikshistorie om to unge menneske frå ulike bakgrunnar som blir forelska. Dei har ulike foreldre med ulike ambisjonar, og ulike planar for livet framover.

I utgangspunktet har dei berre nokon dagar framfor seg til å vere i lag, etter den brå forelskinga, og utfordringane står på rekke og rad. Vil den blomstrande kjærleiken vinne fram?

Svaret er kanskje opplagt, og filmen er nok verken nyskapande eller særleg til ettertanke. Men det er ei godt gjennomført sak om kjærleik og sommar, og eg kan like stemninga, karakterane og denne fine og lette historia. Det er stort sett positive utfall, og ei lykkeleg sak er heller ikkje å fornekte.

Endless Love 2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Alex PettyferGabriella WildeBruce Greenwood (I)Vis alle

Sjangrar

Land