Engelen

I den siste tida har det gått i norsk film, og eg har no komme til Engelen. Dette er den første spelefilmen til Margreth Olin, og var eigentleg meint å vere ein dokumentarfilm. Meir om årsakene til dette finn du sjølv.

At Engelen er ein god film, er det viktigaste å få fram først. Når eg såg filmen, var eg derimot ukonsentrert og hadde datamaskina på fanget. Eg fekk difor ikkje levd meg så godt inn i karakterane som eg nok burde, men synst likevel dette var ein god film. Direkte sterk blei aldri.

Forventningane til filmen var ein dyster, kald sak. Men sjølv om dette er ei tragisk historie, blir ho fortalt på ein vakker måte, med omtanke for karakterane, og søkjelyset på urett framfor giving av skuld.

Så sjølv om eg ikkje var hundre prosent konsentrert, var Engelen verdt å få med seg.

I 2010 skreiv eg ei masteroppgåve kor eg gjorde bildeanalysar av norske kinoplakatar. Plakaten til Engelen var ein av dei eg analyserte. Eg vil her gjengi kapittelet frå oppgåva. Noko gjentaking frå teksten over kan finnast:

Engelen er spelefilmdebuten til Margreth Olin, som tidlegare berre laga dokumentarfilmar. Årsaka til at dette blei ein spelefilm skal visstnok vere at historia som først vart filma og skulle bli ein dokumentarfilm, fekk ei vending som skal ha gjort det etisk uansvarleg å bruke opptaka til ein dokumentarfilm. Olin valde difor å lage ein spelefilm med Maria Bonnevie i hovudrolla og bruke andre namn på personane som utgjer dei ulike rollene i filmen. Fordi ho hadde lova kvinna som historia er basert på å fortelje historia hennar. Filmen handlar Lea, om ei rusavhengig kvinne og mor som har funne tryggleik i å vere rusavhengig og synst at fridom er skremmande. Det er ein film om å ta umoglege val og bryting av blodsband, ein film om svik og kjærleik. Men der dokumentarfilmen var meint å handle om ei narkoman kvinne sitt møte med det norske samfunnet, har filmen blitt meir eit djupdykk i familierelasjonar. Likevel er dette mykje ein film om rusproblematikken i Noreg og dei vanskane narkomane står ovanfor.

Formale trekk

Plakaten til Engelen kan grovt sett delast inn i fire seksjonar: Bakgrunn, tekst i toppen, eit bildeelement over bakgrunnen og tekst i botnen. Bakgrunnen til plakaten er ei einsfarga, kvit flate. Teksten i toppen består av ein krans med teksten Official selection Toronto film festival 2009, like under står namnet Maria Bonnevie.

Plakaten består av eit enkelt bildeelement, ein person med langt hår som står med ryggen til. Personen har på seg ein grå hettegenser med eit snev av grøn i seg. Hetta ligg slik til at opninga er vendt mot høgre. Det lange håret er plassert på innsida av genseren, og heng ned på framsida av skuldrene. Ved første augekast kan det sjå ut som at personen er plassert midt i bildet, men ved nærare studering viser det seg at den hellar meir over mot høgre side.

Over ryggen på personen er logoen med teksten Engelen skrive i kvitt med same skrifttype som namnet i toppen, Avant Garde. Under filmtittelen, som ein del av logoen står av Margreth Olin i små bokstavar, plassert bak armen på bokstaven g i filmtittelen. Sjølve logoen er midtstilt, medan namnet på regissøren hamnar meir mot høgre av bildet. Under logoen er kredittblokka og ei rekkje små logoar samla, samt lenkja til den offisielle nettstaden for filmen.

Analyse av formale trekk

Av di namnet i toppen på plakaten er eit kvinnenamn, Maria Bonnevie, ei godt kjent kvinneleg skodespelar, kan ein gå ut i frå at personen på bildet er ei kvinne. Kvinna er gjort anonym ved å snu ryggen til, og står vendt mot enten ein lys vegg eller eit lyst tomrom. Det kan hende ho er vendt mot lyset, og døden, at ho står andlet til andlet med slutten på livet. Er kvinna engelen, eller møter kvinna i filmen ein engel? Ein engel er ein skapning som me knyter til noko reint og uskuldig. Dei er bodberarane til Gud, i både hebraiske bibelen, Nye Testamentet og Koranen. Men det finst òg falne englar, dei som har synda og dermed hamna i fangeskap eller i teneste hjå Satan. Bruken av ein rein og kvit bakgrunnen styrer tolkinga mot ein god engel.

Hettegensaren er eit kvardagsleg plagg, og blir brukt av alle typar menneske. Viss ein skal velje typar på film som ofte har hettegenser som eit kjenneteikn, kjem tankane innpå ungdommar og mindre velståande menneske. At skilnaden i desse to gruppene er stor og at den eine kan innlemme den andre, gjer at det er vanskeleg å avgrense her. Men ser ein derimot hettegensaren i samanheng med kjennskapen ein har til kvinna og alderen hennar, blir situasjonen ein anna. Kva type kvinne på Maria Bonnevie sin alder, kan finne på å gå i hettegenser? Då ungdommen som ei gruppe her må utelatast, står mindre velståande igjen som eit val. Med atterhald om at det finst fleire grupper som brukar hettegenser, slår dette meg som ei typisk gruppe på film.

At plakaten heller mot høgre er ein detalj som fanga merksemda mi, dette fører til at plakaten manglar ein perfekt balanse. Den er ikkje så tydeleg at det er ein detalj ein vil leggje godt merke til. Det var ingenting som slo meg som feil med plakaten første gong eg såg den. At noko er ubalansert og ikkje er heilt slik som det ser ut til å vere ved første augekast, gjer at eg stiller spørsmål om kva det er med kvinna som er feil. Kva er det me ikkje ser sånn utan vidare? Kva skjuler seg bak håret, og kvifor ser me ikkje andletet?

Har skaparen av plakaten eit ynskje om å gjere personen anonym? Ser ikkje andletet bra ut? Må kvinna snu seg bort for ikkje støyte bort publikum ved å vise andletet? Eller spelar plakaten på nysgjerrigheiten til folk?

Plakaten får meg til å stille mange spørsmål, og det blir farleg mykje spekulering før ein har sett filmen. Han legg få føringar opp mot ein sjanger, og har eit ganske reint uttrykk, fritt for både tekst og bilde som viser til handling. Bakgrunnen er kvit i likskap med Hotel St. Pauli, og som på den plakaten legg ein her meir vekt på informasjonen formidla i resten av plakaten grunna mangel på inntrykk i ein bakgrunn. Stemninga ein kvit bakgrunn skaper, knytt opp mot ein person, er eit tomt preg og ein dempar.

I ein kulturell kontekst

Er det reklame eller kunst, og i kva retning kan plakaten seiast å liggje? Bruken av Maria Bonnevie er eit godt døme på fokusering på skodespelarnamn, då dette står med store bokstavar i toppen, og er eit av dei tre sentrale element. Margreth Olin har òg fått namnet sitt, om enn noko mindre enn Maria Bonnevie har, så framleis godt synleg. Dette er ein plakat som kan vurderast ut i frå dei tidlegare prestasjonane til desse to personane. Sidan filmen markerer spelefilmdebuten til Margreth Olin, er det ei viss interesse knytt opp mot kombinasjonen av ei kjent skodespelar som Maria Bonnevie, då Margreth Olin utelatande har laga dokumentarfilmar før denne.

Denne vektlegginga av skodespelaren sitt namn framfor filmskaparen, ofte berre regissør, er vanleg, òg på ein plakat som til dømes Shutter Island. Regissøren Martin Scorsese har vore eit stort namn i filmbransjen i langt fleire år enn skodespelaren Leonardo DiCaprio, sjølv om sistnemde har fått namnet sitt utheva på kinoplakaten. Kven som er mest kjent er eit anna spørsmål, men for å gå tilbake til Engelen, kan ei slik framhevinga av Maria Bonnevie stå for noko anna enn berre ei tilføying inn i ei mykje brukt prosedyre i plakatutforming. Sidan Margreth Olin er kjent for å lage dokumentarfilm, kan det å få fram at dette er ein film med skodespelaren Maria Bonnevie, stadfeste dette som ein fiksjonsfilm. På ei anna side kan plakaten i verste fall tolkast til å vere, med kjennskap til Margreth Olin, ein dokumentarfilm om Maria Bonnevie. Men ein vil tru at dei som kjenner norsk film nok til å vite kven Margreth Olin er, òg har høyrt om Maria Bonnevie.

Engelen har lite som forklarer kva filmen dreier seg om. Ikkje noko anna enn kven som er med i filmen og kven som har laga den. Er intensjonane til filmskaparen kanskje den å frita plakaten rolla som eit samlande uttrykk for filmen? Ein slik tanke kan innebere at filmen har ein bodskap som det ikkje er ynskje om at skal bli forenkla. Eit anna alternativ er at plakaten kan ha blitt neglisjert i marknadsføringa. Ikkje alle norske filmar har ein like god reklamekampanje før lansering. Snarveien er eit godt døme på dette. Då denne filmen kom i august 2009, var det etter ein nærast usynleg kampanje. Plakaten for filmen dukka ikkje opp før tett opp mot ei veke før premieren. Dette var noko som blei påpeika allereie i forkant av premieren, då Karsten Meinich på nettsidene til Montages etterlyste både bestemt lanseringsdato sidan SF Noreg opererte med tre ulike, og ein skikkeleg kinoplakat. Til samanlikning kunne ein annan norsk film, Upperdog med fastsett premieredato i august, vise til ein tydeleg lanseringsstrategi som byrja på vårparten.

Plakaten har elles likskapar med En håndfull tid, om ein ser på fokuseringa på skodespelarnamn i toppen av plakaten, og mangelen på eit tydeleg bilde av eit andlet for å stadfeste namnet. Engelen er i større grad ein open, meir nedstrippa plakat i forhold til En håndfull tid, og manglar både utfyllande bakgrunn og undertittel som forankrar hovudtittelen.

  • Engelen 2009 plakat - Filmdagbok
  • Engelen 2009 plakat - Filmdagbok