Ensemble, c'est tout

Ein fransk film med Audrey Tautou, Guillaume Canet og Laurent Stocker. Om Camille som blir sjuk og flytter inn hjå naboen, der romkameraten er ein sur kokk. Så blir bestemora til kokken sjuk, og formar eit vennskap med Camille. Camille ønsker at ho også skal flytte inn. Etter kvar blir kokken og Camille venner. Naboen stammar, og lærer å ikkje stamme, og blir ein betre person av at Camille har flytta inn. Og sånn går filmen.

Ensemble, c'est tout er ein film om naboar, vennskap, stress, økonomi, familie og kjærleik. Ei blanding av det meste, og det er fransk. Det gjer eit eller anna med filmane for min del, kanskje meir eksotisk, eller kanskje blir det nærare røynda, enn det amerikanske filmar blir. Kanskje er det fordi eg har sett mindre fransk film.

Ensemble, c'est tout er ikkje filmen som utmerker seg som best, og har imponert mest, men det er ein fin film med ei god historie. Stort sett likar eg han, men eg blir litt lei innimellom. Det er vel det meste og beste eg kan sei om filmen.

Ensemble, c'est tout 2007 plakat - Filmdagbok