Entourage (2004–2011)

Serie / 12. september 2011
4/5

I desse dagar da Entourage er over, synst eg det er på sitt rette å ytre eit par ord om serien. Det er fire år sidan eg byrjar å følge med, og fire år sidan eg sist ytra noko om serien på Filmdagbok.

Kort forklart, for dei som ikkje har sett Entourage handlar serien om livet rundt Hollywood-skodespelaren Vincent Chase og dei tre vennene hans, som kjerna i serien. Serien sin vri for å gjere dette til eit interessant følge er å sette desse fiktive karakterane inn i eit semirealistisk Hollywood-univers. Gjestelista til serien er lang av skodespelarar som spelar seg sjølv, om ikkje nødvendigvis sitt ekte seg sjølv.

Vincent Chase omgir seg med damer, forhandlar filmavtalar og brukar pengar. Om eg skal plukke den faktiske handlinga frå kvarandre slik ser eg at dette handlar om noko så enkelt som menneskelege relasjonar.

Det er stemninga serien har, med alle dei kjente filmstjernene som dukkar opp under eige namn, og den tøffe, maskuline, kjensleundertrykkande, mannlege knytinga av band som er Entourage. Det skal ikkje meir til enn å få taket på personane her før det er i gang.

Entourage i heilskap er ein knakande god serie som har takla åtte sesongar godt. Sesongane har ikkje vore dei lengste, men har til gjengjeld vore innhaldsrike. Ved slutten av åttande sesong kunne eg godt tenke meg fleire episodar, og det er ikkje alltid favorittseriane mine eingong som får meg til å tenke i den retninga.

Det får heller vere at nivået ikkje alltid er på topp. Serien set ein høg standard for seg sjølv, som den ikkje lykkast med å følge opp heile vegen. For meg gjekk dette på forventningane til karakterane og deira jakt etter å oppfylle si rolle til det perfekte i det oppdikta universet, og nedturen her.

Pirk til sides, Entourage er ein serie som trass i lengda på åtte sesongar er relativt kort og lett å anbefale med tanke på innhald sett mot tidsbruk.

Entourage 2004-2011 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Entourage, HBO

Skapar

Doug Ellin

Skodespelarar

Kevin Connolly (I), Adrian Grenier, Kevin Dillon, Jerry Ferrara, Jeremy Piven, Rex Lee, Perrey Reeves, Debi Mazar, Emmanuelle Chriqui, Rhys Coiro

Sjangrar

Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Entourage

Forfattar