Equilibrium

I ein periode med gjensyn har eg komen til Equilibrium. Overdosa på kaffi etter ein eksepsjonelt lang dag kosta eg meg på å legge beina opp i sofaen.

Christian Bale er i vinden for tida, meir enn på ei stund har eg inntrykk av, og er ein av fleire grunnar til at filmen i dag blei Equilibrium. Minner om gode skytescener og tøffe omgivnader var dei to andre hovudårsakene.

Året er ukjent, me er i det 21. hundreåret etter ein tredje verdskrig. Håpet for menneskja er tynt og difor har mektige menn bestemt at ingen skal føle. Medisin som skal forhindre kjensler blir påbode, og ei gruppe spesialagentar med proff soldattrening er med på å verne ro og orden. Christian Bale er ein av desse tøffe mennene som i dei fleste situasjonar er uovervinneleg.

Så skjer det at Christian Bale blir hindra i å ta medisinen sin og filmen er verkeleg i gang.

Minna mine var så korrekte som dei kan bli, Equilibrium er verkeleg ein knalltøff film med dei råaste skytescenene. Han manglar fleire forklaringar og hadde tent på litt meir djupn, men alt i alt er det berre pirk i ein film eg har lite å utsette på.

Equilibrium 2002 plakat - Filmdagbok