Erin Brockovich

Søndagsfilmen på NRK denne veka var Steven Soderbergh sitt portrett av Erin Brockovich, åleinemora som gjorde det stort i å bygge opp millionsøksmålet mot Pacific Gas & Electric Co. i 1993 på grunnlag av grunnvannsforgifting.

Julia Roberts, som i ettertid av suksessen har utvida samarbeidet med Steven Soderbergh, spelar Erin Brockovich, som etter eit mindre hyggeleg bilkrasj kjem i kontakt med advokaten Ed Masry (Albert Finney), og som omstenda fører til at ho krev jobb av.

Eg var litt redd for at dette kunne bli nok ein film der eit fattig menneske med armane fulle av ansvar, som tilfeldigheitene og mykje flaks skulle føre opp og fram i verda. Jo, det er vel litt slikt, men betre skjult enn ofte elles. Dessutan er fokuset mest retta på jobben til Erin Brockovich, og korleis ho utfører han. Ho har nemleg ein stor fordel framfor advokatar når det kjem i å kommunisere med klientane – det at ho ikkje er advokat.

Javisst er filmen lang, og hadde teke skade av dette hadde situasjonen til Erin blitt lagt større vekt på. Problema klientane i saka filmen handlar om, er så grufulle at Steven Soderbergh kan smøre tjukt på i andre endar av filmen utan at det går ut over han. Det blir plass til eit par problem frå heimefronten til Erin, men dette tar aldri – og heldigvis ikkje – over.

Eg har prøvd å få fram av det er ein god balanse i filmen, men det betyr ikkje at det er fråvær av sentimentalitet i dette dramaet. Det er meir at sentimentaliteten er til å svelge utan at det blir magetrøbbel. Og slik blir dette ei fornøyeleg oppleving, og uansett kor mykje eg kan ha mislikt Julia Roberts tidlegare på grunn av romantiske komediar, så kan dama spele utruleg bra vil eg no innrømme.

Erin Brockovich 2000 plakat - Filmdagbok