Escape from L.A.

Snake Plissken er tilbake igjen i tenesta til staten. Denne gongen med nokon ekstra kilo bagasje, men med sterkare personlegdom enn sist.

John Carpenter har laga ein oppfølgjar som på idénivå er akkurat fersk nok til å kunne fungere. Budsjettet er nok ikkje det største, noko som gir filmen eit særpreg på effektsida. Med nok fantasi kan dette oversjåast, eg synst det gir filmen ein eigen sjarm, sjølv om eg aldri vil nekte for at resultatet kunne ha blitt langt betre om John Carpenter ikkje hadde lagt vekt på scenene som bruker datagrafikk her. Ei scene der Kurt Russell på surfebrett i ei tsunamibølge kappkøyrer med Steve Buscemi i ein Cadillac er hysterisk, men utruleg teit. Prikken over i-en er når Kurt Russell hoppar over på bilen med surfebrettet.

Sjølv om filmen er tøff slit han av å vere meir ein action-exploitation enn New Escape from New York som la meir vekt på karakterane og handlinga si. Mange kjente og mindre allment skodespelarnamn er med på å trekke interessenivået til Escape from L.A. opp.

Escape from L.A. 1996 plakat - Filmdagbok