Escape from New York

Escape from New York. Tittelen åleine er svært spennande. Han gir oss eit innblikk i kva filmen handlar om, og får oss til å stille spørsmålet: Kvifor skulle nokon ville flykte frå New York?

Spørsmålet blir sett lys på ganske tidleg i filmen, då det blir gjort klart at Manhattan, etter ei massiv kriminalauke i 1988, blei stengt av og gjort om til eit ope fengsel.

Ni år etter. Snake (Kurt Russell) er på veg inn i fengselet, men får eit ultimatum i siste liten. Ein redningsaksjon som omfattar å komme seg usett inn og ut igjen på 23 timer.

Så er det berre for meg å liste opp fleire namn. John Carpenter leverer god regi og musikk. Framstillinga av 1997 er ikkje så ulik framtidsvisjonen i The Warriors, men me slepp dei fargesprakande kostyma. Isaac Hayes er bandeleiar i fengselet, ein person tilpassa den einaste spelestilen Isaac Hayes har. Harry Dean Stanton, Ernest Borgnine og Lee Van Cleef er andre namn som er med.

John Carpenter har klart å skape eit mørkt og skite Manhattan i ein elles spennande film. Forvent ingen spektakulære spesialeffektar, men eit veldig komplett miljø.

Escape from New York 1981 plakat - Filmdagbok