Escape from the Planet of the Apes

Med det som skjedde på slutten av førre film i serien, Beneath the Planet of the Apes, var det ein større vri som måtte skje for at historia skulle kunne halde fram. Slik blei det til at handlinga i Escape from the Planet of the Apes går føre seg i USA i vår tid.

Eit romskip landar i havet utanfor California og ut av det stig tre apekattar frå framtida. Me kjenner dei som Zira og Cornelius frå dei to tidlegare filmane og blir introdusert for Milo (ikkje til å bli forveksla med Baby Milo på plakaten). Verda er ikkje klar for å ta i mot intelligente apekattar frå framtida og det går som det må gå, dei blir stempl som ein trussel og ting går ikkje så bra.

Escape from the Planet of the Apes tyr til enkle løysingar og er langt mindre spektakulær enn Planet of the Apes og Beneath the Planet of the Apes. Sett til California på 1970-talet i avgrensa omgivnader opplever eg han som nærare tv-seriar i estetikken og oppbygging. Men etter den halverte Box Office inntekta Beneath the Planet of the Apes hadde samanlikna med Planet of the Apes, så er nok eit redusert budsjett ingen overraskande vending.

Trass i lågare budsjett, Escape from the Planet of the Apes står fram som eit forhasta prosjekt for å mjølke Planet of the Apes-franchisen mest mogleg før det er for seint. Han er for så vidt heilt grei på ein skala frå ein til ti, men utelukkande som eit stykke informasjon i eit større fiksjonsunivers. Og rolla han har for å byggje opp til neste film er òg viktig nok til å godkjenne eksistensen.

Dommen er ikkje overveldande akkurat, men Escape from the Planet of the Apes er like fullt ein del av filmserien. Andre grunnar til å sjå han kan eg ikkje finne.

Escape from the Planet of the Apes 1971 plakat - Filmdagbok