Et soudain tout le monde me manque

I løpet av januar 2013 har eg sett ein stor del fransk film. Meir presis ei blanding av komedie og drama. Et soudain tout le monde me manque er blant dei som er meir drama, men har kort veg til komedien då det trengs.

Mélanie Laurent har hovudrolla ved siden av den franske veteranen Michel Blanc. Dei spelar dotter og far. Faren ventar eit nytt barn i lag med ei yngre kone, og det skapar spenningar i familien.

Det er balansen mellom det seriøse og morosame som styrkar filmar og gjer at eg likar han. Filmen har ein alvorleg undertone, men gir avveksling med godt plassert humor. Han formidlar in livsglede og personar som gjer ting på sin måte. Måten små ting blir utheva på er sjarmerande. Det er lett å tenke detaljstudiet lik Le fabuleux destin d'Amélie Poulain, men Et soudain tout le monde me manque gjer ting på sin eigen måte.

Michel Blanc står for dei beste og artigaste delene av filmen. Med han blir ting teke på kornet, og det set eg stor pris på.

Ved eit seinare høve vil eg skrive meir om kva det er ved dei franske komediane som treff meg.

Et soudain tout le monde me manque 2011 plakat - Filmdagbok