E.T. the Extra-Terrestrial

Sjansen er der for at ein gong i tida så kunne eg ha likt denne filmen. Men i dag blei det ikkje anna enn ein langdryg, overgjort barnefilm. Hovudrollen, Elliott, irriterte meg med den gjentakande skrikinga si. Musikken er veldig typisk for familiefilmsjangeren, men eg tykkjer det burde ha vore grenser.

Grunnen til at eg trur eg kunne ha likt denne filmen i yngre alder ligg i alt det fantasirike som skjer, med mykje lys og mange spennande leiker og elektronisk utstyr. For meg no, etter å ha sett ein del andre filmar, blir det meir at eg sit å tenker på kva som kjem til å skje, og at når det har skjedd så er filmen ferdig, og takk for det. Dette okkuperte tankane mine så sterkt at eg følte dei fleste scenene var altfor lange.

Lyden og bilde imponerte meg, eg så ein nyoppussa versjon der både det høyrselen og synet blei tilfredsstilt av krystallklare uttrykk. Faktisk blei det til tider litt for mykje av det gode, men det var meir fordi høg lyd i tv-høgtalarane forstyrra bildesignalet. Takk til dårlege kablar og avspeling frå PC i desse ferietider.

E.T. the Extra-Terrestrial 1982 plakat - Filmdagbok