Eternal Sunshine of the Spotless Mind

Eternal Sunshine of the Spotless Mind har eg sett før og no sett igjen. Eg kan ikkje hugse akkurat kor godt eg likte denne førre gang, men denne gongen sette eg verkeleg pris på filmen. Med låg temperatur i rommet mitt frå før passa tonen i filmen godt inn i samanheng. Det er ingen tung film, men heller ikkje ein direkte lett film. Han er likevel god, veldig god.

Eg har ikkje tenkt å prøve å tilføre særleg meir, det er ikkje ein film eg føler eg kan så mykje om, einaste kan like. Han er godt samansett, har eit lite snev av science fiction som er nok til å gjere det ekstra spesielt, musikken er der, men ikkje dominerande. Stemninga kjem først og fremst fram i kulda og ikkje minst figurane.

Eternal Sunshine of the Spotless Mind 2004 plakat - Filmdagbok