Etter Rubicon

I 2010 skreiv eg masteroppgåve om analyse av norske kinoplakatar, og plakaten til Etter Rubicon var ein av dei eg tok for meg. Eg gjengir eg kapittelet frå oppgåva her:

To unge gutar på båttur må søke ly på ei øy i Nord-Noreg, då dei blir ramma av eit forferderleg uvêr. Samstundes flyt eit folketomt lasteskip omkring i havet ikkje langt unna. Når stormen lettar er alt tilsynelatande normalt, men det gutane ikkje veit er at dei har blitt smitta av ein ukjent og dødeleg sjukdom. Når dette byrjar å merke seg er det marerittet startar. Då gutane sidan døyr skal overlege Jon Hoff obdusere lika. Hoff rekk ikkje å fastslå ei dødsårsak før lika blir konfiskert av politiet. Alle løyndomane rundt situasjonen gjer Hoff mistenksam, og sjølv om han blir forsøkt hindra så gir han seg ikkje i forsøk på å finne svar. Dette fører til at han etter kvart oppdagar ei rekkje alvorlege hendingar med skremmande konsekvensar, langt utover det vesle lokalsamfunnet i Nord. Han blir drege inn i eit farleg og internasjonalt politisk spel.

Etter Rubicon var ein del av ei norsk politisk thriller-filmbølgje på 1980-talet, ved sida av mellom anna Orions belte og Blücher. Desse kom som ei følgje av populariteten til amerikanske thrillerar, og har ofte blitt referert til som filmar i helikopterperioden, på grunn av den omfattande bruken av helikopter i handlinga.

Formale trekk

Plakaten til Etter Rubicon består av fem lag og fleire seksjonar. Eg vil først vise til dei ulike seksjonane, for sidan å stadefeste plasseringa til desse på plakaten i forhold til kvarandre. Me har logoen, ein illustrasjon av eit lite lokalsamfunn, ruter med skodespelarane og namna deira. Nedste er det ei kredittblokk. Over plakaten er det ei rekkje sprekker, som knust glas.

For å starte på toppen. Her har me logoen til filmen under ein presentasjon av Filmeffekt. Desse tre linjene med tekst har både ulike skrifttypar, storleik, farge og stil. EN FILMEFFEKT-PRODUKSJON står øvst med minst storleik, men det er brukt versalar på heile linja. Filmtittelen går over to linjer. etter.... skil seg frå RUBICON ved å ha raud farge, annan skrifttype og skrive med minusklar. RUBICON består av versalar igjen, og ser ut som om det ligg bak knust glas. Denne forstyrringa blir som om orda var oppkutta og forskyve på skrå. Bak RUBICON er det ei grøn linje som kjem inn frå toppen av plakaten, går nokre gonger opp og ned bak ordet, og flatar vassrett ut igjen på høgresida av plakaten.

Logoen ligg på det øvre nivået i plakaten. Nivået under er ei sprokke, gjennomsiktig flate som like godt kan vere av glas som av tynn is. Denne flata dekkjer store delar av plakaten, men er fråvikande frå ei raudbrun råme over og på sidene. Den gjennomsiktige flata er fråverande i eit område som tek opp ein fjerdedel av plakaten, eit trekanta felt på nedre halvdel. På den nedste synlege og knuste biten mot venstre, ser me signaturen til POAAustdahl-87.

I området der det knuste glaset er borte, er det innfelt bilder av skodespelarar frå filmen. Fem boksar ligg tett i tett med gul råme, og har desse personane i seg: Jack Fjeldstad, Ewa Carlsson, Sverre Anker Ousdal, Ellen Horn og Toralv Maurstad. Under namna deira følgjer ei kredittblokk og nokre logoar. Og nedst på plakaten er det nok ein signatur, denne gongen eit feilstava POA ASTDAHL i maskinskrift. Fargebruken på plakaten er variert, med blå som den mest brukte. Raudt gjer seg merka både i den raudbrune råma og i logoen, og det er innslag av grønt bak den. Nedst er gult den dominerande fargen, brukt i kredittblokka.

Analyse av formale trekk

Eit av dei mest slåande trekka ved plakaten til Etter Rubicon er det knuste glaset eller isen. At det kan vere glas kjem fram av den jamne flata til dei store delane. Ein kan tru at knust is i større grad ville ha vore rikare på tekstur som luftbobler. Det er derimot ingenting som fullstendig avskriv tanken om at dette er is. Vinterlandskapet får fram kulde i plakaten som ei eventuell flate med is kunne bygd vidare på. Ei hending i eller rundt den kalde, slitne busetnaden, kan kome fram av knusinga av isen. I lik grad som eit knust vindauge i samanheng med busetnaden er eit teikn på materiell skade. Ei foralling av staden kjem fram i mangelen på måling på husvegger og mangel på hustak.

Den blå bakgrunnen gir plakaten eit kaldt preg. Trass den raude råma blir det verande kaldt. Nokon blåfargar som i himmelen og havet, kan andre stader enn her ha ei roande effekt, medan dei her er kalde. Kombinasjonen med knust glas framhevar denne kalde effekten, uansett kva type blå som er brukt. Ut frå fargen, kan filmen tolkast i retning av å vere ein alvorleg film, kanskje ein tragedie av eit eller anna slag.

Om ein går ut i frå at flata er av glas, kunne råma rundt framstå som ein vindaugskarm, hadde det ikkje vore for at kanten er heller ujamn. Ingen teikn ved kanten gir inntrykk av at det er meint å skape ei kjensle av fordjuping, slik som ein finn rundt innfelte vindaugskarmar. Det ein ser her er ein skugge rundt kanten. Ein skugge som gir plakaten preg av å vere ei tynn flate, som ved ein papirplakat. Om plakaten er meint å framstå som eit bilde, i ei bilderåme, vil føremålet med eit glas kunne lesast som at dette er ei historie som bryt med innråminga si. Den vesle, stille, nedslitne og kanskje fråflytta staden er ikkje slik som den verkar å vere. Og dei fem personane i bilda under har noko i historia å gjere.

Portretta av personane er tekne ut i frå filmen. Ulik grad av lys i portretta er ein leietråd til dette. Kantar rundt hovuda tyder på at dei er klypte ut. Sannsynlegvis er dei klypt ut frå ein bakgrunn med fargar og detaljar som har fråteke fotografen kontrollen over moglegheiten til å fjerne denne. Til motsetning frå ein kontroll frå eit fotostudio, der portrett blir teke framfor ein einsfarga bakgrunn.

Logoen er spesielt rik på informasjon og består av fleire fargar og bokstavstilar. etter.... er skrive i raudt som går igjen i råma. Skrifttypen er ein skrivemaskins- variant av typen American Typewriter. Korrekt bruk av ellipse 2, er broten ved å setje eit fjerde punktum. Eit anna brot som blir gjort er ved å utelate mellomrommet mellom etter og punktumane. Skilnaden mellom mellomrom og ikkje, er at mellomrommet markerar ein tankestraum eller oppstykka tale, medan fråveret markerar utelating av bokstavar i eit ord. Gjennom plakaten får ein ikkje avkrefta om tanken er at etter er meint å vere eit uferdig ord. Først gjennom kanalar som ikkje vil kunne trekkjast inn i analysen, fordi plakaten skal kommunisere på eiga hand, får ein vite at filmtittelen er meint å lesast som Etter Rubicon. Dette er feil i teiknsetjinga som kan skape forvirring. Men slike friskapar er ikkje uvanleg på kinoplakatar, noko me såg på Drømmeslottet der tittelen var delt opp på to linjer, utan bindestrek og med store bokstavar på begge linjene.

Ser ein forbi teiknsetinga og går vidare til RUBICON, er dette eit ord som no er knytt til tid. Filmen går nok føre seg etter noko har skjedd, og dette noko går under namnet Rubicon. Det er sannsynleg at det som har skjedd pregar busetnaden, og enten går ut over helse eller fører til ei forstyrring av ein anna sort. Den grøne streken i logoen er av typen som ein kan kjenne igjen frå skjermvisinga til målarar brukt på sjukehus.

Bildet seier ikkje noko spesifikt om kva filmen handlar om. Uvissa blir forsterka gjennom mangelen på handfast informasjon. Dramatikk og mystikk oppstår, og du må sjå filmen for å få svar. Iallfall ynskjer produksjonsselskapet at du skal det.

I ein kulturell kontekst

Rubicon er namnet på ei elv i den nordlege delen av Italia. Under romartida på Julius Cæsar si tid, var det forbode for militære styrkar å krysse elva. Dette var eit forbod som Cæsar trassa. Ved å krysse elva i år 49 f. Kr. erklærte han krig mot senatet. I ettertid har det å krysse Rubicon blitt eit idiom for ingen veg tilbake. Dette er eit sopass kjent idiom at ein må ta utgangspunkt i at meininga til idiomet kan knytast til filmen. Det som har skjedd i filmen kan ikkje bli gått tilbake på, og det vil få konsekvensar for vegen vidare. Om ein legg ei meir direkte kopling mellom opphavet til idiomet og filmen, kan det tyde på at det er snakk om ein militær aktivitet som har blitt gjennomført. Og at denne igjen er knytt opp til det som er Rubicon i filmen.

Som eg var inne på gjer denne plakaten deg nysgjerrig. Med dette kan ein oppnå følgjande: At den som ser plakaten stoppar for å finne meir meining i den, at personen les meir om filmen ein annan stad, eller at personen går for å sjå filmen. Eventuelt ein kombinasjon eller eit fråver av desse.

Grunna fokuset på skodespelarar slår plakaten til Etter Rubicon meg som ein publikumsretta plakat. Meir av den typen som er klarare på kva filmen kan tilby, enn den som ute etter å få mottakaren til og tenkje for mykje over bildet. Den har noko handfast å selje på, samstundes som at det er ein plakat open for tolking. På grunn av det knuste glaset blir me likevel styrt inn på noko dramatisk. Med blod i andleta til to av personane som er avbilda, viser den at dette er ein film som har dramatikk gjennom meir enn dialogane sine.

Plakaten har likskapstrekk med amerikansk spenningsfilm. Og som med amerikansk spenningsfilm vil filmen sannsynlegvis kunne by på meir enn dialogar i enkle innandørsscener. Fire av dei fem personane på plakaten er tydeleg kledd for å vere ute. Plakaten til Etter Rubicon er typisk i forhold samtidige spenningsfilmar frå Noreg og tidlegare amerikanske spenningsfilmar, då den vel å plassere skodespelarar frå filmen i små ruter. Dette kan bli gjort på fleire måtar. Etter Rubicon fører opp namna på skodespelarane, medan The Towering Inferno har valt å føre opp rolla folk har i filmen, som the con-man eller the wife. Orions belte har valt å ikkje knyte namna direkte opp mot bilda, men har dei med i same rekkjefølgje som bilda i kredittblokka.

At Etter Rubicon har valt denne utforminga er ikkje tilfeldig, både av di Sverre Anker Ousdal var med i Orions belte, og at begge filmane er produsert av Filmeffekt. Publikum med kjennskap til plakatar som enten Orions belte eller amerikansk spenningsfilm, til dømes The Towering Inferno, vil kunne forvente at dette er ein film som høyrer til same sjanger.

Etter Rubicon 1987 plakat - Filmdagbok