Eureka

Serie
2006–2013
3/5

Som ny serie i 2006 skapte Eureka interesse med blandinga av sprø vitskap og god humor.

Kvar episode er bygd på ei eller anna form for ulykke eller eit problem. Sidan det er ein SyFy-serie og Eureka er ein høgteknologisk by med eige forskingssenter, så skal det ikkje mykje til for å forstå at det er avanserte maskiner og hendige duppedingsar som er årsakene til problema her. Men serien har på ingen måte eit einsforma og negativt syn på teknologi. Bruken av innovative og nyttige oppfinningar gir flotte eksempel på korleis kvardagen kan bli enklare og betre.

Episodane handlar typisk nok om at ein sheriff og nokon vitskapsmenn må rydde opp. Sheriff Jack Carter (Colin Ferguson) har den største rolla i serien. Som den nye sheriffen i byen må han løyse problema som oppstår på den einaste måten han kan, som ein tradisjonell, pliktfull politimann. Men som regel er problema ganske så unormale, og her får han hjelp av innbyggarane i byen. Desse personane har alle sine spesielle særtrekk og eigenskapar som ligg litt på kanten i forhold til mange vanlege seriekarakterar. Men i ein by som Eureka er det vanleg å vere uvanleg.

Etter andre sesong gjekk eg lei, og tok ein pause på seks år. Å komme i gang igjen med tredje sesong, etter å ha fullført fabelaktige Fringe, var ein stor overgang. Første del av fjerde sesong slit med å finne forma, før serien tar seg opp igjen.

Derifrå og til vegs ende leverer Eureka varene. Fleire episodar er blant det mest spennande eg har sett på ei stund. Serien kjennest litt billeg ut, men det betyr lite. Etter kvar verkar det som han gjennom replikkar og handlinga til karakterane, blir meir obs på og utnyttar det spesielle som utgjer Eureka. Ut frå denne forma for refleksjon skjer det også meir karakterutvikling enn eg kan hugse at dei to første sesongane hadde.

Så etter ein kort nedtur og ein lengre pause var det vel verdt å sjå ferdig Eureka. Det blir inga anbefaling vidare på tvers av alle sjangrar, men innanfor si blanding av vitskap, humor og småbydrama er det ein kurant serie.

Eureka 2006-2013 plakat - Filmdagbok

Publisert

11. oktober 2013 av

Skaparar

Andrew Cosby, Jaime Paglia

Skodespelarar

Colin Ferguson (I), Salli Richardson-Whitfield, Erica Cerra, Neil Grayston, Joe Morton (I), Chris Gauthier, Jordan Danger (II), Niall Matter, Ed Quinn, Debrah FarentinoVis alle 350 skodespelarar

Sjangrar

Eventyr, Komedie, Drama, Romantikk, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Eureka