Europa Report

Ei gruppe astronautar reiser mot Europa, som er månen til Jupiter, for å leite etter liv, etter at det er påvist vatn der. Det blir ei dramatisk reise, og fleire ting går feil i det dei kjem til månen.

Trøbbel på romskipet og trøbbel på månen er med på å gi filmen ein spennande atmosfære. Situasjonen er alltid på tå, og med eit skodespelarensemble der ingen utmerker seg som filmstjerner, er det tvil om kven som er viktigast. For meg var Michael Nyqvist det einaste kjente namnet på plakaten.

Europa Report er på sett og vis ein lågbudsjettsfilm, men er likevel ein vakker film som evnar å vise oss gode effektar. Min forkunnskap om filmen var stort sett om den lågare kostnaden, og eg lét forventningane bli styrt av dette. Kanskje feil, men det er sjeldan feil å ha låge forventningar til ein film, så lenge eg er open for å bli positivt overraska.

Den viktigaste grunnen til at Europa Report fungerte, var den nemnde spenningen. Både i form av det ukjente og truande, men også blant mannskapet på romskipet, som er den sentrale delen av filmen ei god stund før månen Europa blir nådd. Eg vil kalle filmen for ein realistisk science fiction-romfilm, der teknologien tilsynelatande er truverdig, og utforsking er utgangspunktet.

Europa Report 2013 plakat - Filmdagbok