Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga

Forventingane mine var kanskje ikkje dei høgste til Netflix-filmen Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga. Det var ikkje på grunn av Will Ferrell eller Rachel McAdams, men meir det at filmen blei lansert på Netflix.

Eg såg i utgongspunktet for meg ein film som ville gjere narr av Eurovision Song Contest. Men dette er ein film som har ein fin balanse mellom å ha det moro på rekninga til songkonkurransen, og hylle han.

Dei siste åra har ikkje Will Ferrell spelt i dei største suksessane. Når eg tenker på dei gode filmane hans så kom dei fleste mellom 2000–2010. Ein av mine favorittar som er Blades of Glory frå 2007, er ein god film å samanlikne Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga med. Det handlar om meisterskap, og er stort sett basert på humor og vås.

Ei anna sak som overraska meg her var dei gode songnummera. Eg såg ikkje for meg så mange originale songar, som er gode blandingar av å vere fengande og humoristiske.

Til å vere ein komedie stikk filmen litt djupare enn eg har enda opp med å forventa av komediar i vår tid. Filmen byr på både jordnære stunder og fantastiske augeblikk. Eg vil kunne anbefale filmen både til fans av Will Ferrell og Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga 2020 plakat - Filmdagbok

Publisert

26. juni 2020 av

Merkelapp

Netflix

Regissør

David Dobkin

Manusforfattarar

Will Ferrell (I), Andrew Steele (I)

Skodespelarar

Will Ferrell (I), Rachel McAdams, Mikael Persbrandt, Pierce Brosnan, Dan Stevens (IV), Ólafur Darri Ólafsson, Melissanthi Mahut, Joi Johannsson, Björn Hlynur Haraldsson, Graham NortonVis alle 126 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Musikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga