Everwood

Serie · 2002–2006 · · 10. juni 2013
3/5

Serien Everwood er eit familiedrama. Han tar utgangspunkt i Andy (Treat Williams) og hans to barn, Ephram (Gregory Smith) og Delia (Vivien Cardone) si fråflytting frå New York til småbyen Everwood i Colorado.

Kona til Andy har nyleg gått bort. Familien strir etter dødsfallet og dei enkelte tilpassingane til den nye buplassen utan henne. Far og son har også eit anstrengt forhold. I første sesong er dette kjerna i problematikken som går igjen. I tillegg til at sonen i familien er forelska i ei jente som allereie har ein type.

Som fan av 1990-talsserien Northern Exposure tenkte eg umiddelbart på likskapane med den serien. Dei to seriane har nokon strukturelle likskapar. Og stemninga på tvers av desse seriane er noko lik. Everwood er som Cicely i Northern Exposure ein mindre stad, med hyggelege folk og det oppstår ein og annan episode med rot i kulturforskjellane til New York. I begge seriane har me ein lege i hovudrolla, som møter utfordringar på staden han flytter til. Men premissen for Everwood er stort sett frivillig og folk er ikkje fullt så karikerte.

Utover i dei andre sesongane skiftar serien noko på motivasjonen som held karakterane til Everwood. Men kjerna i problema som oppstår forblir forholdet mellom far og son, og forhold sonen har til jenta han likar. Nye personar dukkar opp undervegs og ulike problem oppstår, men serien går aldri langt for bort frå utgangspunktet.

Den manglande evna til å fornye seg gjer at fire sesongar er nok. På denne tida rekk serien å gå nok fram og tilbake til å bli ein parodi på seg sjølv. Serien har lite meir enn repeterande familiedrama og kjærleiksintrigar å spele på. I siste sesong mista også dette siste gnist, og eg brukte ein lang månad på sesongen. Everwood var greitt nok så lenge det gjekk an å heie eller håpe på eit par. Men det blir tynt i lengda.

Everwood 2002-2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Treat WilliamsGregory Smith (I)Emily VanCampVis alle

Sjanger

Land