Every Christmas Has a Story

Every Christmas Has a Story er ein romantisk komedie som kom ut i 2016. Filmen er regissert av Ron Oliver.

Reint bortsett frå at eg i skrivande stund har hoppa noko tilfeldig frå julefilm til julefilm i år, var ein del av grunnen til at eg gjekk til Every Christmas Has a Story skodespelarane. Eg justerte forventningane, men må innrømme at eg så fram til å sjå Lori Loughlin og Colin Ferguson spele mot kvarandre.

Every Christmas Has a Story handlar om ein populær programleiar på tv, som gjer ein blunder kor ho blant anna seier at ho ikkje likar jul. For å gjere bot på dette og nokon relaterte hendingar blir ho sendt til ein liten småby i lag med produsenten sin. Småbyen påstår at dei er den beste julebyen, og skal i utgangspunktet vere eit ypparleg stad for henne å finne julegleda.

Dette er ein Hallmark-film, som betyr at reint bortsett frå eit par skodespelarar, er det mange ukjente her. Detaljane er ikkje spesielt viktige, og både snø og temperatur gir meg sommarkjensle. No er eg usikker på kva budsjettet på ein film som dette eigentleg er, men i fjor lanserte Hallmark 58 filmar, kor 21 av dei var filmar lagt til høgtider. Denne rullebandstanken og det generelle, enkle uttrykket til filmen overtydar meg om at dette er eit spel om tal.

Regissør Ron Oliver har ei lang rekke tv-filmar på rullebladet, og er tydelegvis ein som kan levere til dette mediet. Han gjer ein kurant jobb med denne filmen, og får nok ut av Lori Loughlin og Colin Ferguson til at det blir fornøyeleg.

For desse to er det største lystpunktet i filmen. Mykje av grunnen er nok mitt forhold til desse to, Lori Loughlin frå 1980-talsfilmar og Colin Ferguson frå den underhaldande serien Eureka. Hovudårsakene til at eg så Every Christmas Has a Story.

Bortsett frå å vere litt tynn i enkelte stunder, er dette ein grei film som stort sett svarar til forventningane. Dei var justert på førehand. Eg kan i grunn berre anbefale denne viss du har ein ide om kva du går til, og likar folka som er med. Men også innanfor Hallmark-filmar finst det ein del betre, som Hall of Fame-filmar frå omtrentleg ti år sidan er generelt betre.

Every Christmas Has a Story 2016 plakat - Filmdagbok