Everybody Hates Chris (2005–2009)

Serie / 13. mai 2011
3/5

Den humoristiske og delvis biografiske serien om Chris Rock, med komikaren sjølv som forteljarstemme, gjekk i fire år på amerikanske UPN og The CW. Det handlar om ungdomsåra til Chris Rock og livet til familien hans, om mobbinga han blir utsett for og dei mange håplause situasjonane han hamnar i.

Serien prøver ikkje på realisme, men er i stor grad fantasirike innslag som både er illustrasjonar for poenga til forteljaren, og som del av handlingane.

Everybody Hates Chris er grei tidtrøyte for dei som har sett ein del seriar og har problem med å alltid finne nye og spennande seriar. For meg har den aldri vore prioritert, men ein serie eg har sett litt av og til, før eg siste tida har gjort eit lite krafttak i å bli helt ferdig med han.

Det som er greia til Everybody Hates Chris og gjer han morosam nok til å halde ut med, er karakterane rundt Chris. Den gjerrige faren, den opportunistiske broren og alle i nabolaget. Chris er heller ein kjedeleg karakter som ikkje viser mot før heilt mot slutten av serien, godt ut i fjerde sesong. Og det er altfor seint.

Ingen anbefaling, men ei opplysing om at det finst betre.

Everybody Hates Chris 2005-2009 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

UPN, The CW

Skaparar

Ali LeRoi, Chris Rock

Skodespelarar

Terry Crews (I), Tichina Arnold, Tequan Richmond, Imani Hakim, Vincent Martella, Tyler James Williams, Chris Rock, Travis T. Flory, Jacqueline Mazarella, Kevontay Jackson

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Everybody Hates Chris

Forfattar