Everything Is Illuminated

Eg visste at det var noko kjent med deler av musikken og stemma til Alex i filmen, som viste seg å vere Eugene Hutz, vokalist i bandet Gogol Bordello som har gitt ut det flotte albumet Gypsy Punks: Underdog World Strike. Men eg skal ikkje gjere dette til eit innlegg om musikk, eg skal ikkje gjere det til noko særleg meir på nokon område.

Den tredje filmen i dag for min del er turen til ein amerikansk jøde gjennom Ukraina på jakt etter røtene til bestefaren. Denne jøden er spelt av Elijah Wood. Han framstår som bleik, stille og rar, og er den strake motsetninga til guiden Alex (Eugene Hutz).

Det er ein fin film, nydelege bilde, folkeleg musikk, lun humor, litt trist der det passa seg, og smårar andre stader. Store deler av filmen er snakka på ukrainsk, som passar seg til landet han går føre seg i. Her er det ingen forsøk på å gjere ting på amerikansk vis, men kanskje heller å skape ei aust-europeisk stemning i staden.

Eg vart litt overraska når eg så det var Liev Schreiber som stod bak filmen, ein mann som aldri har verka på meg som ein person til å regissere ein nydeleg film av dette kaliberet. Det er den første og hittil einaste filmen han har regissert, og for folk som ikkje koplar namnet har han vore med i fleire Scream-filmar og 2004-filmen The Manchurian Candidate.

Everything Is Illuminated 2005 plakat - Filmdagbok