Everything Must Go

Nick Halsey (Will Ferrell) mistar jobben og kjem heim til eit hus med nye låsar. Alle eigedelane hans er på plenen og eit brev frå kona om at han ikkje skal ringe henne.

Dette verka lovande tenkte eg. Nick er i tillegg alkoholikar og det ligg an til ein god komedie. Men etter Nick først set seg ned i lenestolen på plenen så blir han stort sett sittande der. Han blir venner med eit par naboar, og dannar enkle vennskap eg forventar at hovudrolla i ein rar liten film dannar.

Everything Must Go er verken overraskande eller spesielt underhaldande. Han er smått morosam, men tanken om å lage ein film om det meiningslause tilværet til Nick Halsey er nok det mest morosame. Likevel om oppbygginga blir for enkel er haldninga til Nick underhaldande nok. Han drikk øl som han pustar luft og behandlar folk som han vil, ofte for direkte.

Det går heller ikkje lenge mellom kvar vits, og dei er stort sett gode nok til at eg heller smiler gjennom brorparten av filmen. Dette kvalifiserer Everything Must Go til grei tidtrøyte, men minneverdig er han ikkje. Til det støttar han seg for mykje på ei uinteressant historie til å klare.

Everything Must Go 2010 plakat - Filmdagbok