Everything You Want

Denne filmen er ikkje akkurat alt eg har lyst på, men har meir av det eg ikkje har lyst å sjå i ein film.

Så spørsmålet er da kvifor eg tok meg bryet med å sjå filmen, som er ein tv-film. Svaret er ganske enkelt, eg hadde tilgong til han, og Shiri Appleby spelar hovudrolla som Abby Morrison.

Shiri Appleby er ikkje kjent for så mykje meir enn serien Roswell, men har faktisk spelt i ein del filmar etter kvart. Dette er den første eg har sett av desse, og eg er ikkje imponert.

Nokon stikkord som kan gi eit hint om gangen i filmen: College. Kunstelev. Oppdikta kjærast. Ekte type. Konfrontasjon. Trist. Føreseieleg. Søt Shiri Appleby.

Everything You Want 2005 plakat - Filmdagbok