Evil Dead II

Då fekk eg sett siste filmen i trilogien, eller eigentleg andre, men siden eg allereie har sett Army of Darkness, så blei det den siste for meg.

Samanhengen mellom The Evil Dead og denne var litt vag, men koplinga til den tredje filmen var rimeleg tydeleg, og eg forstod litt meir omkring det med motorsaga og armen blant anna, for dei som har sett filmen så veit dei kva det er snakk om her.

Filmen er på lik linje med dei andre utruleg festleg, med masse humor, blodig humor. Bruce Campbell skuffar ikkje her heller, og eg byrjar å bli redd for den dagen då eg ikkje har igjen usette filmar med fyren.

Evil Dead II 1987 plakat - Filmdagbok