Ewoks: The Battle for Endor

Del to av Star Wars-avspinnarane om ewokane tek opp tråden der The Ewok Adventure la han i frå seg. Han serverer meir action i form av kampar mellom bamsane med tomme plastikkauger og andre humanoide skapningar på jakt etter ei sterk kraftkjelde.

Ting eg kan like med filmen: Delar av kulissene, filmmusikken kan fungera, nokon av skapningane er animert med ein viss sjarm.

Ting eg ikkje likar: Ewokane, skodespelarane, oppbygginga, lite profesjonell slåsting.

Ein anna ting eg lurar på er om dette har gått på tv i Noreg nokon gong, for eg fekk kjensla av å ha sett dette før opptil fleire gonger. Spesielt når dei er i huset til Noah og i borga til humanoidane.

Ewoks: The Battle for Endor 1985 plakat - Filmdagbok