Excalibur

Excalibur var sverdet som kong Arthur trakk opp av steinen. Denne filmen fortel historia frå ungdommen til Arthur til det runde bord og til vegs ende med jakta til Perceval på den heilage gralen.

Historia er god ho, men ho er ikkje så spennande fortalt. Det tok meg fire timer å sjå filmen som varer i om lag to timar. Pausane var frivillige, men nødvendige for å holde ut. For filmen var pjattete og oppsvulma, og tung å ta til seg.

Filmen klarar ikkje å skilje godt nok ut ein hovudperson som eg bryr meg om frå start til slutt. Det som skjer, skjer. Ettersom eg kjenner historia, var det alt rundt som måtte til for å gjere dette bra.

Excalibur 1981 plakat - Filmdagbok