Excision

Me møter ei ung jente, spela av AnnaLynne McCord. Ho drøymer om sex med blod, om kirurgi og operasjonar. Draumen hennar er å bli kirurg. Ho gjer ingen innsats på skulen. Ho er stygg, men bryr seg lite om hygiene.

Slik held det fram. Legg på mangel på sosiale antenner også.

Excision følger kvardagen hennar. Eit par ikkje-kvardagslege ting skjer undervegs, men det er horribelt nok i utgangspunktet.

Excision er både ubehageleg og litt fascinerande. Filmen prøver å bryte tabu og sprenge grenser, og får det til i blant. Det er fælt å følge med på, men opplevinga blir utanom det vanlege og det gjer filmen interessant.

Excision 2012 plakat - Filmdagbok