eXistenZ

Meg og David Cronenberg har ikkje stått heilt på godfot mellom dei nydelege, groteske filmane frå 1980-talet og A History of Violence i 2005. Naked Lunch fall aldri heilt i smak, det same kan seiast om Crash og Spider. Det var difor utruleg artig å oppdage at eXistenZ gav meg den same kjensla som 1980-talsfilmane til David Cronenberg.

I eXistenZ rettar David Cronenberg fokus mot det neste steget i spelbransjen, der kropp blir direkte tilkopla spelmaskina. Maskina som er kunstig organisk blir både drive av energien frå og tilkopla til kroppen via ein kontakt mot ryggmargen. Eg skal unngå meir av det tekniske som høyrest rart ut, men som faktisk fungerer utruleg godt i filmsamanhengen.

Med Jude Law og Jennifer Jason Leigh i spissen blir me teke med inn i ei verd som verkar så realistisk at det etter kvart blir uklart i kva grad ting er ekte eller spel når dei skal gå fram og tilbake mellom denne og den ekte. Her kjem det fram det som gjer eXistenZ til typisk David Cronenberg-film: Å stille sentrale spørsmål, eksempelvis det om kva som definerer menneske sin plass i omgivnaden. Dette blir gjort på ein måte som inkluderer mengder med stemningsfulle scener, udefinerbare og sære karakterar. Helst er det ein del groteske bilde med. Denne herlege stilen er typisk David Cronenberg og er òg til stades i ein god film som Videodrome.

Nøye inspeksjon av strukturen til filmen, det faktiske innhaldet til han og oppbygginga, avslører noko litt enkelt, mens andre sider av filmen veg opp for dette og gjer det til ei bra filmoppleving. Eg koste meg iallfall, på den måten det går an å kan kose seg med leidningar i ryggmargen og gørr flytande omkring.

eXistenZ 1999 plakat - Filmdagbok