Extinction (2018)

Film / 30. august 2018
3/5

Ein mann har gjentakande mareritt om at vennene hans og familie hans vert slakta av romvesen. Så ein dag kjem romvesena. Eller gjer dei det?

Denne Netflix-filmen frå 2018 med Michael Peña i hovudrolla, har eit ørlite preg av Black Mirror ved seg, og det er nokre vendingar i filmen du ikkje må vite om på førehand for å ha gleda av å sjå han.

Det er ein relativt kort film og det verkar nesten som byrjinga på ein serie. Det er likevel noko å bygge på, og nok til å vere ein fullkommen film. Det er putta inn nokre augneblunk som gjer poeng ut av om brutalitet rundt krigen og kor nyttelaust det er.

For at resultatet skal fungere, er det gjort nokre kompromiss her. Men om du ser på dette som ein underhaldande actionfilm, og let vere å røske opp i alle detaljar, så fungerer det fint.

Produksjonen verkar ikkje som den mest påkosta, men for det meste er det tilstrekkeleg.

Extinction 2018 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Netflix

Regi

Ben Young

Manus

Brad Kane, Spenser Cohen, Eric Heisserer

Skodespelarar

Michael Peña, Lizzy Caplan, Amelia Crouch, Erica Tremblay, Lex Shrapnel, Emma Booth, Lilly Aspell, Mike Colter, Israel Broussard, Sandra Teles

Sjangrar

Action, Drama, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Extinction

Forfattar