Extras

Serie · 2005–2007 · · 17. desember 2007
3/5

Ricky Gervais, mannen bak britiske The Office er også stjerna i denne serien. Som statist på jakt etter gjennombrotet som skodespelar går han og venninna Maggie frå sett til sett.

Episodane er bygd opp hovudsakleg rundt eit sett, eller ein produksjon kvar, og her dukkar gjerne stjerner som Kate Winslet eller Ben Stiller opp som seg sjølv – med ei vending.

Humoren til Extras er mykje basert på flaue hendingar, og det fall aldri helt i smak hjå meg. Iallfall ikkje før ut i femte episode, då hadde eg fått akkurat nok tak på dei to hovudkarakterane til at serien gjorde seg.

Så problemet blir at serien legg seg på eit altfor lågt nivå. Eg får med meg at humoren blir prøvd lagt på eit anna plan enn vitsar på ein setning og fengande utsegn og slikt, men eg har rett og slett ikkje sansen for den flaue situasjonen som grunnlag.

Likevel såg eg begge sesongane, korte som dei var. Og det er jo ikkje dårleg laga, det er ein solid idé og alt det der. Men fall aldri i smak.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Extras 2005-2007 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ricky GervaisAshley Jensen (I)Stephen MerchantVis alle

Sjangrar