Eyes Wide Shut

Eyes Wide Shut var filmen som introduserte meg til regissøren Stanley Kubrick, og sidan har eg sett filmen eit par gonger til.

Dette er så stemningsfullt som det kan bli. Me følger Tom Cruise gjennom ei innhaldsrik og risikabel natt. Etter ei avsløring om at kona har vore utru, går han ut i nattetimane i søken etter eigne seksuelle eventyr.

Ein kamerat introduserer han for ein orgie på ein fest, der alle går i masker. Med sitt oppmøte der set karakteren til Tom Cruise seg sjølv i stor fare.

Då eg såg denne filmen for første gang på kino i 1999 hugsar eg kor sterk opplevinga var på grunn av musikkbruken. Og i alle år sidan tenker eg alltid på Eyes Wide Shut når eg høyrer pianospeling.

Eyes Wide Shut 1999 plakat - Filmdagbok