Face/Off

Sean Archer (John Travolta) har jakta terroristen Castor Troy (Nicolas Cage) i mange år. Det er både profesjonelt og personleg, ettersom Troy drap sonen til Archer. Når Archer til slutt får has på Troy, kjem det opp i dagen at ei bombe er planta på ein sentral stad. For å finne ut kor dette er, må Archer ta ein operasjon der ansiktet til Troy blir transplantert over på hans hovud. Det er berre broren til Troy som kjenner til plasseringa til bomba, og han vil ikkje finne på å snakke om dette med andre enn Troy. Eit passe fjernt premiss, men kult.

Face/Off har eit interessant grunnlag, og er ikkje så aller verst gjennomført. Utføringa er nok gjennomsyra av kjærleiken til John Woo for drygt gjennomførte actionscener, med vanvittige mengder skyting, eksplosjonar og den slags. Kvar gong nokon skyt etter kvarandre, så kastar alle seg gjennom lufta uansett. Kvar gong eit køyretøy treff noko, så skjer det ein eksplosjon. Det er langt forbi tåpeleg, men så gjennomført og konstant at det blir si eiga greie, og historia til filmen kjem fram igjen frå under dette maset.

På den måten får eg sansen for Face/Off etter kvart, og har ingen problem med å følge med. Det har ikkje berre med måten forstyrrande og fyllande actionsekvensar er handtert på, men sjølvsagt ei fornuftig sentrert historie i botn. Ei som tar for seg ein alternativ vri om kroppsbyte på film, eit konsept som eg er interessert i.

Face/Off 1997 plakat - Filmdagbok