Fahrenheit 451

Først ei åtvaring til deg om du er ein bokelskar, denne filmen inneheld sterke bilde, kombinasjonar av flammar og papir, grotesk oppførsel mot vakre innbindingar.

Fahrenheit 451 kan plasserast i kategorien dystopiske filmar. Som i dei fleste dystopiske filmar er det eit høgare organ som kontrollerer folket, ting som er strengt forbode, livssyn som blir formidla på nivå med hjernevasking. Kontrollorganet i denne filmen heter Fahrenheit 451, ein omvendt brannmannsorganisasjon ut i frå vårt bilde av dei. Desse har i oppdrag å oppsøke folk i eige av bøker og brenne desse. Namnet Fahrenheit 451 kjem av temperaturen bøker tar fyr i, dette skulle svare til noko slikt som 232,7 grader celsius. Grunnen til bokbrenninga kjem fram i filmen.

Om du har sett Equilibrium så vil nokon av ideane vere gjenkjennelege i dette science fiction-dramaet frå 1966. Mannen i hovudrolla heiter Guy Montag og er fascinerande nok spelt av ein austerisk fyr (Oskar Werner), veldig passande med ein skarp aksent i engelsken når han attpåtil går i eit gestapoliknande uniformkostyme. Han jobbar for Fahrenheit 45 og får etter kvart sansen for bøker sjølv. Lik Christian Bale si rolle i Equilibrium får sansen for kunst. Forskjellen mellom desse to filmane er at Fahrenheit 451 har lite action, men er skarpare og tydelegare på konsekvensane av Guy Montag sine avgjersler og formidlinga av eit strengt samfunn.

I blant balanserer filmen på kanten til det banale. Humoren som kan dukke opp i enkelte sekvensar er nok ikkje planlagt, men er med på å løyse opp tonen, om enn på langt nær så mykje at det forandrar meininga bak filmen. Eit litt stivt uttrykk, som det er her, er ganske passande når det kjem til dystopiske filmar. Svakheita må ligge i at du aldri legg skikkeleg merke til kjenslene dei frelste karakterane skal vise. Eg veit ikkje om eg skal legge skulda på skodespelarane eller regissøren for det.

Miljøet er gjennomført stilmessig, med element frå den engelske landsbygda, urban betongby og interiør i pastellfarger. Kanskje ikkje så spennande den gongen det vart laga, men det har tålt tida veldig godt og gir eit sæpreg i dag.

Fahrenheit 451 har teke tak i veldig mykje bra og har klart å skape si eiga dystopiske verd på godt vis. Historia er ikkje den mest spennande og det går litt seint framover, men er likevel interessant. To timer er uansett i overkant merkar eg. Skal eg trekke fram noko er det sjølve ideen bak gangen i handlinga og hovudrolla som eg etter kvart knyter meg godt til. Ting å trekke ned på er tempoet og eit litt stivt uttrykk.

Fahrenheit 451 1966 plakat - Filmdagbok