Fallen Angel

Fallen Angel er eit romantisk drama frå 2003. Filmen er regissert av Michael Switzer og blei produsert for Hallmark.

Eg har sett filmen i samband med at eg før jul i år har sett mange julefilmar frå Hallmark. Grunnen til at eg valde denne var at eg har vore relativt fornøgd med 10–15 år gamle julefilmar frå Hallmark hittil. Dessutan kan denne filmen skilte med filmstjerna Gary Sinise i hovudrolla.

Fallen Angel handlar om ein vaksen mann som drar tilbake til staden kor hans far jobba, når faren går bort. Dette er ein stad med ei alvorleg historie. Eigentleg eit sommarhus, men som skulle bli brukt av ein familie rundt juletider for mange år sidan. Vår hovudrolle var sjølv der den jula ei bilulykke øydelagde livet til fleire. Filmen er eit oppgjer med fortida som kan gjere notida betre.

Uavhengig av kva denne filmen har kosta å lage, så blir han opplevd som meir ekte enn mange nyare julefilmar. Han er tydeleg spilt inn ved fleire ekte plasseringar, og det er lite som tyder på at det ikkje er gjort vinterstid. Det er på høgde med vanlege filmar, og eg lev meg lettare inn når eg ikkje bli distrahert av falsk snø og 30 plussgrader.

Jobben som Michael Switzer har gjort er det lite å utsette på. Han står bak det som blir ein av mine favorittar blant julefilmane eg har sett i 2016.

Det er også lite å utsette på skodespelarane. Gary Sinise gjer ein god jobb, og det same med han som spelar faren hans. Birollene er også solide. Det meste er positivt i form av at eg ikkje tenker for mykje på det undervegs. Det verken blir overspelt eller underspelt.

Filmen går nok over forventningane mine. Han har ei meir omfattande fortalt historie enn eg trudde eg ville få i løpet av ein og ein halv time. Don Snyder står bak romanen filmen er basert på, og har også skrive manuset til filmen.

Eg kan anbefale denne om du ønsker eit kjensleladd drama, om enn eit litt typisk eit. Trass i alt er det ein Hallmark-film. Han har både god historie og det vesle ekstra som setter meg i stemning.

Fallen Angel 2003 plakat - Filmdagbok