Falling in Love

Falling in Love er frå ein periode i filmhistoria kor romantiske komediar var meint å ta opp seriøse tema. Mine tankar går til ein annan Meryl Streep-film, Kramer vs. Kramer, som tok for seg skilsmisse og barn.

Falling in Love med Robert De Niro og Meryl Streep handlar om å bli forelska på nytt mens du allereie er gift. Korleis dette er vanskeleg for dei som ikkje ønsker å gjere seg skuldig i utruskap eller såre sine ektefellar.

Det eg likar med filmen er at han ikkje gjer hastverk med historia. Han tar si tid, både i talet på minuttar og tidsperioden han skal dekke. Det er heller ikkje eit formål å overdrive, men antyde, skrape i overflata og skape ei form for spenning i det som lenge er eit vennskap. Tittelen har allereie avslørt kva retning filmen tar.

Utan å seie det direkte stiller filmen spørsmål undervegs som kva utruskap er. Er det kjensler, kyss eller sex?

Robert De Niro og Meryl Streep storspelar, både åleine og i lag. Det er nokon år sidan eg såg The Deer Hunter kor karakteren til Robert De Niro også var forelska i karakteren til Meryl Streep, men eg meiner Falling in Love er betre akkurat på dette, då dette er kva denne filmen handlar om.

Ein solid film, som kanskje ikkje tar heilt av, men som har kvalitetar.

Falling in Love 1984 plakat - Filmdagbok