Family Weekend

Familien til unge Emily (Olesya Rulin) er travle og gløymer stadig å delta på barna sine aktivitetar. Dei møtes sjeldan for kvalitetstid i heimen. Til slutt får Emily nok og tar foreldra som gissel. Men ting utviklar seg fort til å bli langt meir alvorleg enn ho sannsynlegvis hadde sett for seg.

Family Weekend er ein fornøyeleg komedie nettopp fordi han tar ei uventa og meir alvorleg vending. Og fordi for min del ukjente Olesya Rulin briljerer i hovudrolla som kalkulert og perfeksjonistisk ungdom, der kjenslene tydelegvis boblar under overflata.

Mest av alt er filmen artig, men han bidrar også til ettertanke. Ikkje berre på grunn av dei familiære forholda som blir portrettert, men også for si vinkling om at ein god intensjon ikkje er vesentleg. Utfallet er det avgjerande.

Family Weekend 2013 plakat - Filmdagbok