Fanny och Alexander

Film · 1982 · · 11. september 2007
3/5

Alexander og Fanny har ein pussig og tilsynelatande rik familie med arveleg appetitt for store mengder sex. Onkelen har for eksempel fått lov av tanta til å ha ei elskarinne for å dempe presset. Men Fanny och Alexander er endå litt for unge til å bry seg med dette. Dei får anna å bry seg med når faren døyr og mora giftar seg på nytt med ein djevel av ein prest.

Kva som gjer dette til ein så godt likt film fekk eg ikkje taket på når eg sjølv så han. Han har sine morosame stunder, er i blant ganske sprø, og presten tilfører ekte faenskap til handlinga. I løpet av tre timar kjem eg derimot aldri under huda på folk. Når ein film tar seg så god tid forventar eg meir. Problemet ligg heller ikkje i karakterane, dei er fantastiske kreasjonar i seg sjølv.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Fanny och Alexander 1982 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Kristina AdolphsonBörje AhlstedtPernilla AllwinVis alle

Sjanger