Fargo

Fargo har irritert meg i mange år. Eg har sett tittelen overalt, men aldri sett filmen. Eg har halde meg borte frå filmen fordi eg ikkje likte førsteinntrykket som filmplakaten gav meg. Det var noko med dei store raude bokstavane og med den kalde kvite snøen i bakgrunnen som eg ikkje likte.

Eg blei positivt overraska av filmen. Han er rå, brutal, og skyv ikkje råskapen under teppe med eit tullete kunstpreg. Rollefigurane er interessante, til og med den firkanta personlegheita Jerry Lundegaard (William H. Macy) overraskar med sin rolege veremåte i den tøffe handlinga. 90 minuttar går fort.

Fargo 1996 plakat - Filmdagbok