Fargo

Serie / 2014–2017
4/5

Eg har sett dei tre første sesongane av serien Fargo, kor kvar sesong på sett og vis står som ein eigen serie, og introduserer nye karakterar og ny historie.

Først litt om første sesong.

I kalde og nordre deler av USA på vintertider hoppar me inn i livet til nokon personar i småbyen Bemidji. Frå å vere ein roleg stad, går drapstala i taket. I ei blanding av blod og mørk komedie følger me hendingane og konsekvensane etter kvart som dei utfoldar seg. Stort sett handlar det om at folk slepp unna, og dei same greiene held fram gjennom heile sesongen. Artig nok, men eg er ikkje frelst. Sjølv om eg gir serien skryt for å prøve på område som stemningsbygging, miljø og artige karakterar.

Målt etter stjernestatus er serien solid representert med både Billy Bob Thornton og Martin Freeman. Og kanskje Colin Hanks. Mens eg tidlegare aldri har sett noko til min favoritt i serien, Allison Tolman, viss talent for å bygge opp under kjensleladde stunder var topp, blant anna. Det beste eg sit igjen med etter første sesong av Fargo er alt som har med ho, Colin Hanks og Keith Carradine å gjere.

Serien er knapt knytt til filmen Fargo med eit ørlite element i historia. Den mest sentrale koplinga er tonen og humoren. Ei anna artig sak er at kvar episode i byrjinga påstår at dette er basert på ei sann historie, nokon som på lik linje med filmen er komplett vrøvl.

Så litt om andre sesong.

Me er på same stad som i første sesong. Men handlinga er flytta til 1979, og me får fortalt ei blodig historie som det blei referert til i første sesong. Nokon av karakterane går igjen, men blir spelt av andre personar.

Det er litt humor her også, men eg sit med eit inntrykk av at det er meir fokus på dei blodige handlingane enn tåpelege karakterar. Det gjer lite, forandring kan vere ein god ting, så serien ikkje konkurrerer mot seg sjølv på alle område på tvers av sesongar.

Det er mange kjente skodespelarar i andre sesong også, som Patrick Wilson, Kirsten Dunst, Ted Danson og Jesse Plemons. Dei er gode skodespelarar, og med stødig regi er ikkje resultatet at serien hamnar i skuggen av deira skodespelarhistorikk, men rett og slett spelar gode rolle. Ted Danson er ein av dei som overraska meg her.

Heller ikkje andre sesong når til topps for min del, så Fargo forblir ein god, men ikkje topp serie. Det eg saknar frå andre sesong er karakterar som er like gode på å vise kjensler og gi det vesle ekstra som skodespelar Allison Tolman viste i første sesong. Sånn sett held eg ein knapp på første sesong. Men det er da likevel god underhaldning.

Og til slutt litt om tredje sesong.

Her har eg ikkje gjort ei stor vurdering av serien. Fargo held fram med ei ny handling denne sesongen, og nye stjerner. Det er ein serie som kan halde på ei stund på denne måten, for dette er verken betre eller verre enn før. Det er rett og slett god underhalding.

Fargo 2014-2017 plakat - Filmdagbok

Publisert

24. juni 2017 av

Merkelapp

FX

Skapar

Noah Hawley

Skodespelarar

Allison Tolman, Billy Bob Thornton, Colin Hanks, Martin Freeman (II), Russell Harvard, Kirsten Dunst, Ewan McGregor, Patrick Wilson (I), Carrie Coon, Jesse Plemons (I)

Sjangrar

Krim, Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Fargo