Farmen kjendis

Serie
2016–2019
4/5

I Farmen kjendis skal ei gruppe norske profilar frå sportverda, kulturbransjen og andre synlege kanalar bu og drive ein gard på gamlemåten.

Tredje sesong, eller 2019-sesongen, er den einaste eg har sett foreløpig. Her møtes Martine Lunde Aarsrud, Tiril Sjåstad Christiansen, Carina Dahl, Johanna Grønneberg, Mina Hadjian, Donna Ioanna, Ole Klemetsen, Trude Mostue, Ronald Pulk, Christer Rødseth, Erik Anders Sæter, Runar Søgaard, Kathrine Sørland og Svein Østvik.

I løpet av nokre veker på sommarstid skal dei jobbe i lag og konkurrere med kvarandre. Kvar veke skal ein person forlate garden, og til slutt er det berre to personar igjen. Dei skal då konkurrere om å bli vinnar av Farmen kjendis.

I 2019 vann Tiril Sjåstad Christiansen.

Farmen kjendis 2016-2019 plakat - Filmdagbok