Fast & Furious
Med Fast & Furious byrjar eg å like The Fast and the Furious-filmane. Dette har funne si form som fartsfylt og enkel actionfilm, samtidig som eg ikkje får inntrykk av at det er å prøve for hardt å vere tøff.
Brian O'Conner (Paul Walker) er i FBI og held til i Los Angeles. I lag med sin svoger Dominic Toretto (Vin Diesel) skal han i denne filmen fange ein heroinimportør.
Som alltid står bilar sentralt, og er ein del av den store planen, som samlar ein solid gjeng med både kjente frå tidlegare filmar i franchisen, og nye.
Det stikk ikkje spesielt djupt, men det er god underhaldning. Litt langdryg i små stunder, eit område eg ikkje alltid er nådig på, men den uhøgtidelege og kvikke stilen har eg sansen for.
