Fast Times at Ridgemont High
Litt ut i filmen kjente eg igjen så mykje av handlinga at eg visste at eg måtte ha sett filmen før, men det gjorde ingenting å sjå han igjen.
Fast Times at Ridgemont High kjem i same sjanger som andre high school-komediar frå 1980-talet som eg har sett pris på før, på lik linje med fleire av filmane til John Hughes, og då spesielt The Breakfast Club.
Sean Penn er her noko av det styggaste eg har sett på film på ei stund, men heldigvis er både Phoebe Cates og Jennifer Jason Leigh med i massevis. Dessutan var det artig å sjå Judge Reinhold her berre få dagar etter han dukka opp i Seinfeld som Aaron, the close talker.
Når det kjem til denne type film så set eg ikkje så høge krav til anna enn dum og flau tenåringsforelsking. Det er noko med det å sjå folk dumme seg ut, men at dei likevel klarar seg så bra. Her er det Mark (Brian Backer) som er den dumme, men heldige usikre fyren. I Sixteen Candles og Weird Science var det Anthony Michael Hall. Ein high school-komedie frå 1980-talet utan denne type rollefigur er ikkje heilt det same.
Så gjenstår det å sjå om eg finn fram filmen igjen om nokon år. Eg trur at det er ein av dei filmane eg lenge har venta på å få sett, for så å finne ut etter å ha byrja med han at han allereie er sett.

Regi
Manus
Skodespel
Sean Penn (I) • Jennifer Jason Leigh • Judge Reinhold • Robert Romanus • Brian Backer (I) • Phoebe Cates • Ray Walston • Scott Thomson • Vincent Schiavelli • Amanda Wyss • D.W. Brown • Forest Whitaker • Kelli Maroney • Tom Nolan (III) • Blair Tefkin • Eric Stoltz • Stanley Davis Jr. • James Russo (I) • James Bolt • Nicolas Cage • Reginald Farmer • Anthony Edwards (I) • Pamela Springsteen • Stuart Cornfeld • Sonny Carl Davis • Michael Wyle • David Price (I) • Patrick Brennan (I) • Julie Guilmette • Shelly O'Neill • Stu Nahan • Duane Tucker • Martin Brest • Douglas Brian Martin • Steven M. Martin • Taylor Negron • Kenny Lawrence • John Hollander • Ricky Redlich • Nancy Wilson • David Resnik • Erick Leroy Burdette • David Doolittle • Tom B. Bralley • Reeves Nevo • Virginia Peters • Laurie Hendricks • Lois Brandt • Ellen Fenwick • Cherie Effron • Suzanne Marie Fava • Lana Clarkson • Roy Homer Wallack • Ava Lazar • Lori Sutton • April Audia • Jason Bernard (I) • Andrew Rayden • Amy Sawaya • Cindra Skotzko • Hallie Todd … Minimer … Vis alle