Fatso

Fatso sin flodhest minner om den i One Crazy Summer med John Cusack, men der sluttar likskapen.

Her er det meste godt på plass, ei søt svensk jente på ei side, og ein sjenert, norsk sofagris på den andre. Lubne Nils Jørgen Kaalstad har tidlegare vist seg som ein god skodespelar, og gjer også Rino med stil. Gjennom den eine flaue augeblinken etter den andre får me både gullkanta komiske resultat og eit seriøst blikk inn i hovudpersonen.

Det svakaste med filmen er når Rino opplagt går ut av rolla si og skal oppfylle hollywoodske konvensjonar. På slutten skjer det ei karakterendring som ikkje passar inn.

Fatso 2008 plakat - Filmdagbok