Feeding Frenzy

I 1984 tok Gremlins amerikanske kinoar med storm. Med nusselege monster beit filmen seg fast i dumme tenåringar på lerretet og lykkesøkande filmprodusentar utanfor. Ei rekke kopiar oppstod i åra som følgde, blant dei Critters og Ghoulies. Feeding Frenzy er filmnerdane i Red Letter Media sin hyllest til skarpe tenner på små plastikkdokker som herja kinoane for over to tiår siden.

Red Letter Media består av Jay Bauman og Mike Stoklasa og er nok mest kjent for grundige Star Wars-analysar, litt kjent for videobloggen Half in the Bag, og står òg bak nokon små filmproduksjonar. Feeding Frenzy er nok ein lågbudsjettsfilm med definitive kvalitetsmanglar som helst passar folk som har høyrt om Red Letter Media før. Han er ikkje spesielt god, men morosam, og for det siste så er han verdt å sjå.

Som den smale filmen dette er, har den både småbysjarm og ei handling sett til ein lokal og liten jernvarehandel. Jesse jobbar i butikken som er eigd av den ufyselege Mr. Plinkett. Plinkett som i Star Wars-analyse-Plinkett og Half in the Bag-Plinkett. Som ufyselege butikkeigarar i grøssarkomediar seg bør, så har Plinkett ei låst dør i kjellaren, og bak denne døra ligg grunnlaget for mange av vitsane og dei grufulle hendingane i filmen er skjult.

Historia er enkel, men kjennest til fordel likevel gjennomtenkt og komplett ut. Her er ingenting lagt opp til tilfeldigheiter. Humoren er til tider god og andre gonger ufrivillig, eller er han det? Effektane, som stort sett er små monster, har avgrensa rørsle og dukkar komisk nok opp i busker, kjem flygande forbi skjermen eller blir heist rundt av knapt synlege trådar. Men det heile er med så klart overlegg at det blir ein gimmick i seg sjølv, som i ein Ed Wood-film, men altså med vilje.

Eg skal likevel passe meg for ikkje å gi filmen for mykje kreditt. At filmskaparane er klar over at dette ikkje alltid er like bra, eller bra i det heile, betyr ikkje at det er ok at det ofte er dårleg. Men så var det sjarmen da, og drivkrafta bak filmen. Og det faktum at det er veldig lite daudtid i Feeding Frenzy. Eit par kurante skodespelarar her og mindre gode der kan stå som eit eksempel på at filmen aldri er verken heilt på trynet, eller heilt topp. Den er det han er, og det er opp til sjåaren om litt dårleg kan vere bra nok.

Feeding Frenzy 2010 plakat - Filmdagbok