Feel the Beat

Dansefilmen Feel the BeatNetflix er ein underhaldande og enkel konkurransefilm om ein gjeng taparar som evnar å reise seg.

Eg visste lite til ingenting før eg byrja å sjå filmen. Det verka som ein lystig og glad film om dansing, men at det var ein barnefilm i retning av The Mighty Ducks og så mange andre filmar var eg ikkje klar over. Men det betydde lite, for denne enkle oppskrifta gir rom for resten av innhaldet i filmen til å blomstre. Gitt at filmen er god.

Og Feel the Beat er ein god film. Ikkje best, men bra på både dansing, humor og ikkje minst korleis han tek seg god tid i å bygge opp og brette ut forteljinga. Her forventa eg meir hastverk, men filmen veit å utnytte og fordele seg godt over ein time og femti minuttar.

Alt i alt var Feel the Beat den gode opplevinga alle filmar burde klare å vere. Han er ikkje ekstraordinær, men det forventa eg heller ikkje.

Feel the Beat 2020 plakat - Filmdagbok

Publisert

18. september 2020 av

Merkelapp

Netflix

Regissør

Elissa Down

Manusforfattarar

Michael Armbruster, Shawn Ku

Skodespelarar

Sofia Carson, Pamela MacDonald (I), Sonia Laplante, Nayo (II), Katrina Khachi, Katherine Gayle, Emily Roman, Hannah Warby, Denise Goping, Brandon Kyle GoodmanVis alle 89 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Familie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Feel the Beat