Ferien

Kosmorama var tida for å bryte det uhøgtidelege nyttårsforsettet mitt, nemleg å sjå meir enn ein langfilm i løpet av ein dag. Men planen min heldt på å bli øydelagt. Eg skal kjapt oppsummere dagen på kinoen.

Tre litt tilfeldige filmar var utgangspunktet for kvelden: Tyske Ferien skulle bli vist som 35 mm, men det vart frå DVD grunna forseinking i posten. Og DVD på kino er ikkje det heilt store. Eg kjem tilbake til denne. Nummer to skulle vere Angosto, denne blei avlyst grunna teknisk trøbbel. Eg kryssa fingrane for den siste, men den egyptiske The Yacoubian Building spontanaborterte undertekstinga to av tre timar ut i filmen, skikkeleg surt ettersom dette var ein kjempefilm fram til da. Han må bli sett ferdig på anna vis.

Så tilbake til Ferien, eller Vacation som den gjekk under i festivalprogrammet. Dette er ein Thomas Arslan-film om relasjonar, og regissøren var til stades for å introdusere filmen og svare på spørsmål i ettertid, ei fin overrasking. Ein tobarnsfamilie er på ferie ved det idylliske landsbyhuset til mora til dama. Å vite særleg meir enn dette vil øydelegga meir enn å glede. Men lat meg sei at visse familierelaterte problem oppstår.

Thomas Arslan plasserer verken seg sjølv eller filmen sin i nokon bås, men påstår at mange av vala er tilfeldige eller berre passar slik i samanhengen. Filmen består av mange uprofesjonelle for å skape ein familielikskap der Angela Winkler spelar mora som eig huset. Han har stadige avbrekk med nydelege naturbilde. Ungane i filmen seier og gjer aldri noko som har direkte med resten å gjere. Alt samla dannar det seg ein god film. Thomas Arslan har nok bevisst lagt lok på kjensler og bruk av dialog, for å unngå klisjeen og komme nærare ein mogleg realisme.

Ferien var ein nydeleg film. Det er den type film som kunne blitt kjedeleg å sjå på tv, men når ingen av publikum valte å utsette filmen til 35 mm-rullen skulle komme måndag var det opplagt at folk hadde lyst å sjå han, og det skapte god stemning. Lange sekvensar gir plass til å oppleve det idylliske i bilde, framstilt på nærast dokumentarisk vis. Det eg likte spesielt var at filmen aldri gir seg med denne idyllen, sjølv når dei små problema kjem på bana. Og at han forblir nydeleg tvers igjennom.

Det blir med desse orda, det som opphavleg skulle vere ein trippelpost om Kosmorama blei ein enkel om Ferien.

Ferien 2007 plakat - Filmdagbok