Ferris Bueller's Day Off

Eg har tidlegare uttrykkt stor begeistring for dei fire første filmane til John Hughes, då spesielt The Breakfast Club som ved siden av å vere ein god film er ein av mine personlege favorittar. Ferris Bueller's Day Off hamna høgt på lista førre gang eg så han, men har sokke litt etter gjensynet.

Matthew Broderick spelar Ferris Bueller, ein smart og snartenkt ungdom med karisma og posisjon som forbilde blant alle gjengane på skulen. Ferris er ikkje spesielt glad i å bruke tida på unyttig skulelærdom og det filmen handlar om er hans niande skulkedag, den norske tittelen Skulk med stil er nok meir dømmande enn det … Day Off står for, men passar perfekt når det gjeld delen … med stil. Ferris Bueller er nok ein slaur, men med stil.

På motsett side av Ferris står skuleinspektøren Ed Rooney (Jeffrey Jones) som har sett seg lei av skulkinga og ser på han som ein trussel mot gode elevar, og søstera til Ferris som er misunneleg på at han stadig slepp unna. Desse er med på å skape litt ekstra spenning og humor i skuletilværet til Ferris, som han nyttar med å ta med kjærasten og vennen inn til byen for å leve livet.

Grunnen til at dette ikkje var like festleg som førre gang var nok at eg visste kva som ville skje og tenkte meir over at det blir brukt god tid, litt for god, på mange av scenene. Filmen i seg sjølv er framleis veldig morosam, vel verdt å bruke tid på, iallfall om du aldri har sett han før. Den mangla altså tempoet som får kvart minutt til å kjennest verdifullt.

Her får du servert populærkulturelle referansar i fleng, paradeframføringa av Twist and Shout av The Beatles er framleis ein av dei betre musikalske innslaga på film. Kommunikasjonen til Ferris med publikum er aldri for tydeleg til å bli eit minus.

Skuleinspektøren Rooney byr på flotte og enkle augeblikk med fysisk humor. Han har minimalt med delt skjermtid med Ferris, noko som forsterkar den patetiske personen han er i jakta på den urørelege Bueller. Søstera er på si side vanskelegare å forstå, ho verkar ikkje å hate Ferris så mykje som ho er konkurranseinnstilt mot posisjonen hans, noko som vanskeleg kan gjere ho til ein direkte fiende, ein tanke som nærmast blir stadfesta av slutten.

Ferris Bueller's Day Off 1986 plakat - Filmdagbok